Fottur til Kabrettstaulfjellet frå Vest-Telemark.no

Fottur til Kabrettstaulfjellet

Norsk skieventyr

Vårstaulvg 2

3848 Morgedal

Denne dagen går turen til Kabrettstaulfjellet i Morgedal.
Vi startar frå Håtveitgrenda, og fylgjer skogsbilveg eit godt stykke innover. Vi krysser Liervatn, deretter bratt mot Kabrettstaulane. Like før staulane tar vi av på umerka sti, som går bratt opp skaret. Vel oppe av skaret flater terrenget ut mot toppen. Vidare småkupert terreng.
På toppen er det flott utsikt i alle retningar, bla. mot bygda Langlim ved Sundsbarm, Gaustatoppen, og fjella i vest bak Store-Grønut.
Terrenget på Kabrettstulfjellet er småkupert, med fleire småtoppar som er verd eit besøk.
Turen kan og gjennomførast som ein rundtur, vi kan då gå om Øvstestaul, Koveli og Fjosskorli. Avgjerd om dette tek vi undervegs. Siste del av turen vert da delvis i terreng utan sti.

Ein oppmodar om vanlege turklede, godt fottøy, og tursekk med mat og drikke og ekstra klede. Oppmøte ved Norsk Skieventyr i Morgedal kl. 09.30. Vi satsar på privatbilar med ei viss samkøyring.

Turen er til dels krevjande, og tek ca. 6 timar.

Turleiarar Aud Eli Undheim, tlf 402 15248 og
Jan Haugen, tlf 911 20248

Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.