Fottur til Brennstøylnuten frå Vest-Telemark.no

Fottur til Brennstøylnuten

Vrådal Panorama

Kviteseid

Under forutsetning av at det meste av snøen er borte, blir Kviteseid turlags fyrste fottur for sesongen, med Brennstøylnuten som turmål, arrangert som ein hyggeleg pinsetur sundag 20. mai.
Frammøte er på parkeringsplassen nede ved Vrådal Panorama skisenter kl. 10.00. Samkøyring til p-plass på toppen.

Brennstøylnuten er nabotoppen til det meir kjente Hægefjell, der Hægefjellskaret er eit markert skilje mellom desse to fjelltoppane. Turen innover vil gå i lettgått og småkupert terreng langs ei av Vandre Telemark sine ruter. Tilbaketuren prøvar vi å gå ein litt annan trase.
I klarvær er utsikten storslagen, mot vest ser ein Sveinsheii, Kviteseids høgaste topp, i nordvest Raulandsfjella og den markerte Vehuskjerringi, og i nord kneisar Gaustatoppen opp over Skorve. Og i aust er utsikten mest imponerande.

Dette er ein forholdsvis kort dagstur. Likevel må ein ha med mat og drikke og ekstra klær. Godt fottøy er å foretrekke. Inga påmelding.
Turleiarar er Signe Maria Straand og Jon Ingebretsen

Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.