Vest-Telemark banner, ein god plass

Vest-Telemark

Vest-Telemark er ein kommuneregion med ein felles historie. Kommunane Seljord, Kviteseid, Vinje, Tokke, Fyresdal og Nissedal samhandlar om å skape ein god plass for arbeid, bustad og oppleving. samhandlinga skjer gjennom det felles samarbeidsorganet Vest- Telemark Rådet.

Vi har fleire sentra i regionen og dei største er Seljord og Åmot, men satsing på reiseliv gjer at vi og har gode handels,- og servicetilbod i mange små sentrum i heile Vest-Telemark. Vi er ein skapande region, eit moderne samfunn med variert nærngsliv og spennende kultur. På nettsida ynskjer vi å informere deg om tilboda som fins på tvers av kommune grenser og som gjer regionen til ein god buplass. Lurar du på om Vest-Telemark er ein god plass for deg og familien kan du kontakte  Bygdelivsmeklaren vår, ho vil kunne gje svar på mykje av det du lurar på.

 

Arbeid
Bustad     
Fritid
Oppvekst