Strategisk Næringsplan for Vest-Telemark
Strategisk Næringsplan for Vest-Telemark 2007 – 2009 vart vedteke av Vest-Telemark Tinget 19. juni 2007.
Planen vart utarbeida av Vest-Telemark Næringsutvikling AS (VTNU) i samarbeid med ei styringsgruppe nedsett av Vest-Telemark Rådet.
Bakgrunnen for planen var at Vest-Telemark i stor grad er eit felles bu og arbeidsområde. Det er då naturleg å sjå næringslivet i regionen som delar av ein felles struktur. Mange av utfordringane for næringslivet vil vera felles over eit større område og må sjåast i eit vidare perspektiv enn berre einskiltverksemd og einskiltkommune.
Ein ynskte gjennom planen å finne fram til tiltak som gjev regional sysselsettingseffekt ved å utnytte vekstpotensialet i eksisterande verksemder, styrke lønsemd og legge til rette for nyetablering, rekruttering og interessante lokaliseringsmiljø. Tiltaka rettar seg inn mot tilhøve som let seg påverke av regionale verkemiddel og vera knytt opp mot definerte måltal for sysselsetting og økonomi.
Prosjektansvarleg har vore Vest-Telemark Rådet. Rådet har gjeve Vest-Telemark Næringsutvikling i oppdrag å vere prosjektleiar og ansvarleg for gjennomføring.
Styringsgruppa har vore slik samansett:
Olav Urbø frå Vest-Telemark Rådet
Ketil Kiland, rådmann i Fyresdal
Mette Lien, Lien Fjellgard
Olav Nordbø, Telemark Bondelag
Toril Nicolaisen, næringssjef i Vinje
Olav Veum, Vest Telemark Næringsforum
Frida Sviland, Regionaletaten TFK
I planen vart det formulera 7 strategiske tiltaksområder med til saman 14 ulike tiltak. Det er frå Styringsgruppa utarbeida ein detaljera statusrapport pr. 31.10.2009.
24. november 2009
Last ned strategisk næringsplan her
Last ned statusrapport her