Vest-Telemark
Inne i landet, midt mellom aust- og vestland, med Setesdalen på sørsida og Kongsbergregionen på nordsida, finn du Vest-Telemark.
- 6 kommunar
- 14.000 innbyggarar
- 7.700 km2
Vest-Telemark er ein kommuneregion med ei felles historie. Kommunane Seljord, Kviteseid, Vinje, Tokke, Fyresdal og Nissedal samarbeider om å skape ein god stad for arbeid, bustad og oppleving.
Me har fleire sentra i regionen. Dei største er Seljord og Åmot i Vinje, men satsing på reiseliv gjer at me også har gode handels- og servicetilbod i mange små sentrum i heile Vest-Telemark.
Distriktspolitisk samarbeidsorgan
| Vest-Telemarkrådet har gjennom åra utvikla seg til på bli eit viktig distriktspolitisk samarbeidsorgan for kommunane i Vest-Telemark. Organet har ei sentral rolle i arbeidet med å legge til rette for interkommunalt samarbeid og finne felles løysingar som gjev betre tenester til innbyggjarane. Eit godt samspel mellom kommunane er heile tida avgjerande for god måloppnåing. |
Regionen har gjennom samarbeidet oppnådd:
- Auka samhald og sterkare felles identitet
- Å framstå som ei samla eining i høve til stat, fylkeskommune og omgjevnad elles
- Betre grunnlag og større tynge i forhandlingsspørsmål
- Betre grunnlag for å nå fram i høve til felles søknadar
- Semje i vanskelege saker
- Auka lokal merksemd og betre grunnlag for etablering av samarbeidsordningar
- Betre grunnlag for etablering og busetting i regionen
- Auka grunnlag for felles investeringar i infrastruktur som t.d. breiband
Saman er me sterkare
Me har over tid sett ei aukande sentralisering og overføring av ressursar frå distrikt til sentrale strok. I tida som kjem vil ein difor meir enn nokon gong trenge gode samarbeidsorgan og sterke talspersonar som kan ivareta distriktets interesser.