HEIM > OPPLEV > Språkrikt verdiseminar i Vinje


Språkrikt verdiseminar i Vinje

Kultur frå i går til i dag


Språkrikt verdiseminar i Vinje

10 okt 2013

Sidan 2004 har Diakonatet i Vest-Telemark arrangert verdiseminar i samarbeid med Vinje kommune.

Tema har vore vidfemnande, med det mål å lyfte fram aktuelle saker som ikkje andre tek opp. I alt har sju hundre menneske delteke på verdiseminara gjennom desse åra. Prostidiakon i Vest-Telemark, Eilev Erikstein, fortel at arrangementa har synt seg å vere ein viktig arena for diskusjonar og debatt.
- Målet er å sjå ei sak frå fleire sider. Det er viktig at me i fellesskap lyfter blikket og ser Vest-Telemark utanfrå, seier han.

Gode samtaler

Eit av dei verdiseminara som har gjort mest inntrykk på Prostidiakonen er verdiseminaret som blei skipa til for ungdomsskulane i Vinje kommune i 2011.
- Det var svært vellukka og fekk fram eit stort engasjement. Me er no i gang med planlegginga av eit liknande verdiseminar i 2014, fortel Eilev.
Elles hugsar han også godt det aller fyrste verdiseminaret som blei arrangert på Raulandsakademiet hausten 2004. 140 menneske møtte opp der temaet var verdiar i Vest-Telemark.
- Det resulterte i mange fine samtaler og god debatt om kva me skal leggje vekt på i Vest-Telemark. Er det pengar eller andre verdiar? Er det til dømes mogeleg å integrere nestekjærleik som eit viktig element i politiske saker? Interessante vinklingar, smiler Eilev.

Årets seminar

På årets Verdiseminaret, laurdag 2. november, er temaet «Språk – ressurs eller Babels forvirring?». Dette gjev eit fint høve til å markere Språkåret og 100 år med kvinneleg stemmerett. Arne Vinje, Stein Versto, Ellen Iris Lindvåg, Asgeir Sele og Astri Bye Ramberg er dei som skal halde innlegg denne dagen. Musikkinnslaga er det familien Lamsodis som står for.

Språkrikt fellesskap

Arrangøren håpar å samle deltakarar med mange ulike språk og nasjonalitetar.
- Me har innbyggjarar med mange ulike språkformer i Vest-Telemark –teiknspråk, dansk, engelsk, samisk, russisk, spansk, polsk, somali, bosnisk - og heilt sikkert mange andre også, seier Eilev før han oppmodar:
-  Ta med deg språket ditt og kom til Vinjehuset 2. november!

Vinjehuset, laurdag 2. november 2013 kl. 11.00 til 14.00.
Seminaret er gratis og det er inga påmelding. 

2. - 3. november 2013

man tir ons tor fre lør søn
           V  


This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.