HEIM > OPPLEV > Brannmannskap i Vinje som fyrstehjelparar


Brannmannskap i Vinje som fyrstehjelparar

Kultur frå i går til i dag


Brannmannskap i Vinje som fyrstehjelparar

27 sep 2013

Brannvesenet i Vinje har gått inn i prosjektet, «Mens du venter på ambulansen», som Norsk Luftambulanse har sett i gang. 

Det vil seie at brannvesenet rykker ut dersom ambulansen er meir enn 20 minutt unna. Ordninga gjev brannmenn og andre i beredskap betre opplæring I fyrstehjelpskompetanse slik at dei kan ta hand om alvorleg sjuke og skadde fram til profesjonell hjelp kjem frem. Dette kan berge liv.

Bedre beredskap

Prosjektet er eit supplement til den allereie eksisterande beredskapen i kommunane. Mannskapa disponerast av medisinsk naudtelefon 113 og sendast ut for å yte livreddande fyrstehjelp og tilsyn medan pasienten ventar på ambulanse eller helikopter.I distrikta er det ofte store geografiske avstandar og lengre responstid på ambulanseberedskap. Målet med «Mens du venter på ambulansen» er å etablere en lokal beredskap basert på brannmannskap og helsepersonell. Med eit finmaska akuttmedisinsk sikkerhetsnett kan pasienten i større grad sikrast god og livsviktig hjelp dei fyrste kritiske minutta.

Du som medlem kan hjelpe

Prosjektet «Mens du venter på ambulansen» blei starta etter initiativ frå Stiftelsen Norsk Luftambulanse og vert finansiert med midlar frå medlemmene. I tillegg støttast prosjektet av Fagforbundet.

 

Støtt arbeidet til Norsk Luftambulanse her.

man tir ons tor fre lør søn
             


This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.