Vest-Telemark banner, ein god plass

Vellukka "Nå er det min Tur" i Telemark

Det var ein god stemning på Lien Fjellgard i helga da 35 unge samla seg til inspirasjonssamling. Foredragshalderane skapte begeistring, ettertankje og diskusjonar. Oppsummera gav samlinga innblikk i mogleheiter og utfordringar i det å ta over og drive ein gard, og  generelt det å bu og leve i bygdesamfunn.Frå fylkesmannen i Hordaland kom Eli Janette Fosso og informera om velukka ungdomssatsing i Landbruket. Lars Uerland Kobro frå Telemarksforskning  gav eit inspirerande og humoristisk foredrag om kvifor vi bør jobbe vidare med å utvikle  attraktive bygdesamfunn. Som stikkord til vidare arbeid er å utvikle eit mangfoldig landbruk der ein tar alle ressursar i bruk.  

Bustad i Vest-Telemark - byggeklart prosjekt i Øyfjell 

Prøvebustad 

 

Etter at planane for bygging av prøvebustadar i Øyfjell vart kjendt, har interessa for konseptet auka i heile Vest-Telemark. Pilotprosjektet som har sitt opphav frå  Øyfjell City, startar snart med å bygge prøvebustad.

Det skal byggast til saman tri bustadar. For meir informasjon, sjå nettsidene til Øyfjell City

 15.07.2010

Høgfartsbane aust-vest over Haukeli  

Norsk Bane 

Visjonen frå nokre ”galningar” frå midten av 90-talet om å kunne reise i 300 km/t med tog gjennom og til/frå Vest-Telemark utviklar seg nå raskt i retning av meir konkrete og realistiske planar. debatten om Stortingsmeldinga om NTP 2010-2019 auka komitéen ambisjonsnivået i forhold til regjeringa:"Det er flertallets klare oppfatning at de utredningene som skal gjennomføres, skal ha bygging av høyhastighetsbane som siktemål," heiter det i komitéinnstillinga. Innan 2013 skal alle utgreiingane som er nødvendige for eit byggjevedtak, vere gjennomførde. Komitéfleirtalet meinar vidare at "det må trekkes veksler" på arbeid "utført av eksterne jernbanefaglige miljøer, jf. utredninger som skjer i regi av eksempelvis Norsk Bane/Deutsche Bahn.

I Lina Oslo – Bergen/Stavanger gjennom Telemark er den med høgast samfunnsnytte og den som bør byggast først. Frå Vest-Telemark kan vi då nå Stavanger, Bergen eller Oslo på mindre enn 1,5 timar.Dette vil bli ein faktor med effektar og ringverknader vi i dag bare kan ane. Dei uttynningstruga kommunane i Vest-Telemark, Hardanger og Ryfylke vil få ein vekstimpuls av store dimensjonar. Nå må vi få prosjektet inn som del av Telemark Fylkeskommune sine planar og arbeidet lokalt må intensiverast.
Du kan hente opp stor utgåve av ”rutekartet” frå Norsk Bane AS HER.( 21. august 2009)

 

 

Prøvebustader

Ny arkitektur med inspirasjon frå Telemarkskulturen. Øyfjell City er først og kanskje kjem det fleire etter. Det er iverksatt eit initiativ på å få til prøvebustader fleire stader i Vest-Telemark. Tanken er å gjere noko med boligtilbodet til tilflytterar og fastbuande i regionen. Fleire kommunar i Vest-Telemark likar ideen og  Vest-Telemark. Prosjektet i Øyfjell er omtalt som " Televisjonar" i arkitektnytt  (21. august 2009)