Heim > Jobb i Vest-Telemark


Jobb i Vest-Telemark

-ein skapande region med variert næringsliv og spennande kultur


Ein felles bu- og arbeidsmarknad

Vest-Telemark er ein felles bu- og arbeidsmarknad. Heile regionen kan sjåast under eitt når ein skal vurdere aktuelle jobbar. Det er fullt mogleg å bu i ein kommune og jobbe i ein annan. Familiar som flyttar til Vest-Telemark finn ut at ein godt kan finne to interessante jobbar ved å leite litt utanfor den kjende kommunegrensa.

Arbeidsmarknaden i Vest-Telemark er representert ved eit stort mangfald av offentlege og private arbeidsgjevarar.

Telejobb - søk på bedrifter

Vest-Telemark Næringsforum (VTNF) er eit næringspolitisk organ og ei samling av næringsdrivande i Vest-Telemark. VTNF driv prosjektet TELEJOBB. Prosjektet jobbar med å presentere verksemdene i regionen for deg som arbeidssøkar. Så langt har omlag 25 verksemder registrert seg og arbeidet med å registrere og presentere alle verksemdene i Vest-Telemark held fram utover i 2011.

Tanken er at du skal kunne søke i oversikta over bedrifter i regionen, og sjå om du finn noko som passar for deg.
Finn du noko interessant kan du gå vidare til arbeidsgjevars heimeside, ta direkte kontakt, og sende ein CV.

Kø-fri sone

Alle som har budd i by veit at ein halvtime går fort når køen står. I Vest-Telemark er det ikkje kø. Sjølv om avstanden viser fleire kilometer, treng ikkje reisetida vere lengre enn det ein normalt reknar som OK i bynære strøk.

I tabellen under ser du reisetid i minutt innad i regionen:

Frå Til Reisetid
Fyresdal Seljord 64 min
Åmot Kviteseid 34 min
Treungen Kviteseid 46 min
Dalen Seljord 43 min
Fyresdal Dalen 40 min
Høydalsmo Rauland 34 min
Vrådal Morgedal 25 min