HEIM > JOBB > Vest-Telemark blad søkjer etter redaktør


Vest-Telemark blad søkjer etter redaktør

- variert næringsliv og spennande kultur


Vest-Telemark blad søkjer etter redaktør

22 juli 2013

Lokalavisa kom med si fyrste utgåve 13. november 1973 og har sidan då vakse seg til eit viktig talerør med solid rotfeste hjå vesttelane. 

Ho er lokalavis for dei seks kommunane i Vest-Telemark; Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje, med tilsaman 14.000 aktive innbyggjarar og eit rikt og variert nærings- og kulturliv. Avisa kjem ut i eit opplag på 5.600 eksemplar tre dagar i veka og det er 5,85 journaliststillingar i redaksjonen. I alt blir det utført 15 årsverk i avisa.

Utfordringar

Avisbransjen har som kjent utfordringar i dagens mediebilete, men lokalavisa ser i høgste grad framover og satsar for fullt for sine trufaste lesarar. Eit mål er å auke antalet faste abonnentar. I samband med dette har dei frå i haust oppretta ei prosjektstilling som salsansvarleg med særleg fokus på abonnement og marknad.

Best i verda?

Nynorsk-avisa har eigen sals- og marknadsavdeling samt grafisk avdeling med mange dyktige fagfolk. Dei tilsette er aktive og engasjerte og lokkar nye medarbeidarar med at dei truleg vil kome til verdas beste arbeidsmiljø.

Høyrest dette freistande ut? Kanskje det er du som skal bli med Vest-Telemark blad inn i ei spennande framtid? Ta gjerne ein kikk på lysingsannonsene, eller ring kontaktpersonane i VTB for meir informasjon.

Her finn du lysingsteksten til dei to ledige stillingane:

> Salsansvarleg

> Redaktør



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.