HEIM > JOBB > Talentjakten vil til Telemark


Talentjakten vil til Telemark

- variert næringsliv og spennande kultur


Talentjakten vil til Telemark

Hege Marie Mandt frå Fjone i Nissedal og Per Andrew Lier er grunnleggjarane av Talentjakten. No har dei som mål å sende landets beste studentar til Telemark. Arbeidet vil dei, frå august 2015, leie frå sitt hovudkontor på Fjone. Talentjakten er ein unik sjanse for regionen og næringslivet i Telemark til å marknadsføre seg sjølv og sikre seg i "kampen om dei gode hovuda", som vil bli ein utfordring i framtida.

Talentjakten er eit program for dyktige og ambisiøse studentar, og har som mål å skape samhandling mellom talent, region og næringsliv. Kvart år blir 20 studentar plukka ut til programmet gjennom ein omfattande utveljingsprosess. Talentjakten vil vise fram den lokale skaparkrafta som dei meiner gjer Norge til ein internasjonal vinnar. Programmet blir støtta av Innovasjon Norge, og er ein del av selskapet Talenta Group.

> Les artikkel om Talentjakten i VTB her (krev at du loggar inn)

> Les den same artikkelen på Framtida.no

> Les meir om Talentjakten på heimesidene til Talentjakten



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.