HEIM > JOBB > Sjeldan sjanse!


Sjeldan sjanse!

- variert næringsliv og spennande kultur


Sjeldan sjanse!

21 mai 2013

Frå hausten 2013 er det ledig ei stipendiatstilling innan prosjektet «Musikk, materialitet og læring» ved institutt for folkekultur på Rauland.

Det er ikkje ofte de vert lyst ut stipendiatstillingar i Vest-Telemark. Men ved Fakultet for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning på Høgskulen i Telemark, er det ledig ei stilling frå hausten 2013. 

Stipendiat innan tradisjonskunst/folkemusikk

Grunnlaget for utlysinga er forskingsprosjektet Musikk, materialitet og læring som er eit paraplyprosjekt for pågåande forsking ved instituttet.

Det er ønskjeleg at stipendiaten samarbeider med dei andre forskarane ved instiuttet i dette forskingsprosjektet.

Sentralt i prosjektet er spørsmål knytt til tilhøvet mellom estetisk praksis og endringar i musikkteknologiske og distribusjonsmessige tilhøve. Det er behov for å generere ny kunnskap om tilhøvet mellom teknologi, kunnskap, estetikk og læring, som grunnlag for betre læringsformer innan musikkfeltet og for utvikling av instrumentteknologi, innan musikkfeltet generelt og tradisjonsmusikkfeltet spesielt.

Søknadsfristen er 1. juli.

>Les heile stillingsutlysinga her

1. - 2. juli 2013

man tir ons tor fre lør søn
 V            


This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.