HEIM > JOBB > Nye Rauland Næringshage


Nye Rauland Næringshage

- variert næringsliv og spennande kultur

Avstandar til Rauland Næringshage


Nye Rauland Næringshage

Du kan velje på øvste hylle i Rauland. At du på toppen av det heile kan vera med på å skape nye arbeidsplassar er noko me alle kan gle oss over. Me skal love deg at du vil bli motteken på beste måte. Næringshagen ynskjer kontakt både med leigetakarar og potensielle investorar.

Distriktspolitikk på sitt beste

Godt å kunne gløyme køkøyring, bompengar og stressande omgjevnadar.

Den nye næringshagen har mykje å tilby. Ein topp moderne arbeidsplass med alt av fasilitetar du måtte trenge. Ein stad å møtast, ein stad å trivast, eit godt sosialt miljø du sjølv kan vere med å skape. Du kan også trekkje deg attende til ditt eige kontor for inspirasjon, refleksjon og rein naturnyting med utsikt til Raulandsfjella og Totak.

Midt i naturen

Du kan spenne på deg skia rett utanfor kontorlokala om vinteren, gå fine turar i fjellet i umiddelbar nærleik resten av året. Her ligg alt til rette for eit inspirerande liv, både på arbeidsplassen og i fritida. Fritt for mas og stress.

Eit utviklande arbeidsmiljø

Samhandling mellom ulike næringar gjev ofte vekst og utvikling.

Dette er livskvalitet og utvikling i praksis

Nordmenn er sterkt knytt til naturen. Faktisk er programma på NRK; «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» blant dei mest sette programma på rikskanalen. I Rauland er du midt i naturen og staden bugnar av kultur og historie. Det er med andre ord mange innfallsvinklar til inspirasjon og livsglede.

Du kan velje på øvste hylle i Rauland. At du på toppen av det heile kan vera med på å skape nye arbeidsplassar er noko me alle kan gle oss over. Me skal love deg at du vil bli motteken på beste måte.

Næringshagen ynskjer kontakt både med leigetakarar og potensielle investorar.

Velkomen skal du vera!

Les meir på Rauland Næringshage sin heimeside her.

For meir informasjon



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.