HEIM > JOBB > Konfliktrådet i Telemark søker nye meklarar


Konfliktrådet i Telemark søker nye meklarar

- variert næringsliv og spennande kultur


Konfliktrådet i Telemark søker nye meklarar

Konfliktrådet tilbyr hjelp med å løyse konfliktar, både lovbrot og sivile konfliktar. Det er ei gratis statleg teneste. No søker rådet nye meklarar med interesse for og tid til vervet i Telemark.

Konfliktrådet i Telemark

Som meklar vil din oppgåve vere å leggje til rette for dialog mellom ulike partar i ei sak. Sakane er både straffesakar overført frå politiet og andre sakar der publikum kontaktar konfliktrådet direkte. Meklingsmøte skjer i heimkommunen din. Meklarkorpset i Telemark består i dag av 23 meklarar.

Vilkår for å arbeide i Konfliktrådet

Meklarar sit i eit lønna verv i 4 år. Du må vere fylt 18 år. Konfliktrådet ynskjer meklarar i alle aldersgrupper. Vervet krev ingen spesiell utdanning, men det blir lagt stor vekt på at du som person er eigna. Det vil bli gjeve full opplæring. Meklarvervet kan fint bli kombinert med annan jobb.

Høyrast dette interessant ut?

Ta kontakt med Konfliktrådet i Telemark på telefonnummer 22 77 73 45 eller på e-post telemarkSPAMFILTER@konfliktraadet.no <telemarkSPAMFILTER@konfliktraadet.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen).

Les meir om Konfliktrådet på www.konfliktraadet.no.



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.