HEIM > JOBB > Jobb i Seljord - gullsmedbutikk til sals!


Jobb i Seljord - gullsmedbutikk til sals!

- variert næringsliv og spennande kultur


Jobb i Seljord - gullsmedbutikk til sals!

6 feb 2014

Astrid Søftestad har drive tre gullsmedbutikkar i fleire år; i Bø, Seljord og Vrådal. No har den driftige gullsmeden frå Vrådal bestemt seg for å selje butikken ho etablerte på Telesenteret for fire år sidan. 

Ho er klar for å la ein ny drivar overta kontrakta frå dags dato.
– Det er ikkje med lett hjarta, men det er på tide å roe litt ned, smiler ho.

I tillegg til butikkane har Astrid eigen verkstad på Sølvsmedtunet i Vrådal der ho også har sytt for å lære bort faget sitt til heile åtte lærlingar – den siste lærlingen tok svennebrevet sist november.

Mogleg å lære

VIP Gullsmed Telesenteret er den einaste som sel gullsmedvare i Seljord og vert per i dag drive med 1, 2 årsverk. Søftestad har stor tru på vidare drift og utvikling av butikken.
– Det er ingen problem å opparbeide seg varekunnskap og generell kunnskap om gullsmedfaget. Eg bidreg gjerne med opplæring, men det finst også kurs, til dømes gjennom forbundet, seier ho. Men det Søftestad derimot meiner er naudsynt i service-bransjen, er emna til å vere blid, imøtekomande og hyggeleg mot kundane, og skape god stemning.
– Det fremjar handel og er avgjerande for god drift, seier Astrid. 

Godt etablert

Astrid Søftestad fortel at ho fekk ein storslagen velkomst då ho etablerte butikken på Telesenteret.
– Heilt overveldande og veldig moro. Kundekrinsen er god, og det er ingen tvil om at det gjev ein viss effekt å vere åleine i bransjen, smiler ho.

Synest du det høyrest interessant ut? Kan dette passe for deg? Ta gjerne kontakt med Astrid på e-post teleSPAMFILTER@vipgullsmeden.no <teleSPAMFILTER@vipgullsmeden.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)  eller tlf. 975 74 076 for ein uforpliktande prat.



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.