HEIM > JOBB > Filigranssølvsmedlærling i Vrådal?


Filigranssølvsmedlærling i Vrådal?

- variert næringsliv og spennande kultur


Filigranssølvsmedlærling i Vrådal?

28 nov 2013

Astrid Søftestad har drive som sylvsmed i mange år og har butikkar i både Bø, Seljord og Vrådal. Frå januar 2014 er ho klar til å ta imot ein ny lærling på Sølvsmedtunet.

Åtte lærlingar har i løpet av dei siste åra blitt lært opp i faget ho har eit bankande hjarta for – den siste lærlingen tok svennebrevet no i november. 
- Me treng ein ung, positiv, blid, sjølvstendig, interessert og nøyaktig person som kan snakke flytende norsk. Ein stor del av jobben er også kundehandtering, så det er viktig at personane som jobbar her er utadvent, serviceinnstilt og trivst i lag med andre menneske.

Ulike teknikkar

Filigranssølvsmeden jobbar med smykker og bunadsølv. Det daglege arbeidet for ein filigranssølvsmed er prega av mange spennande utfordringar. Sentrale arbeidsområde er å produsere smykker og bunadsølv, samt reparere, restaurere, rekonstruere og kopiere, samt bearbeide materialar: Smelte, valse, smi, trekke tråd, lodde små og store kruse- og trådarbeide, tvinne og bukke tråd til flettebånd, kunsttråd, snergler, kareer, lage kruser og delingskruser. Mykje

Noko for deg?

Sølvsmed Søftestad produserer ulike typer smykker på verkstaden sin, både bunadsølv og andre typer smykker. Noko etter tradisjonelle malar, andre etter eige design.
- Du treng ingen særskilt utdanning for å søkje som filigransølvsmedlærling. Godt handlag, estetisk sans og geuin interesse er faktisk nok, smiler Astrid. 

Synes du det høyrest spennande ut? Finn meir info om den ledige stillinga her.



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.