HEIM > JOBB > Ein smak av suksess


Ein smak av suksess

- variert næringsliv og spennande kultur


Ein smak av suksess

Inspirasjonsseminar med fokus på nye moglegheiter i landbruket.

Eig du eit gardsbruk, skal du kanskje overta ein gard, er du interessert i landbruket og har du lyst til å bli inspirert av moglegheitene landbruket kan tilby? Då er «Ein smak av suksess» noko for deg.

Landbruk

Landbruket er næringa som rører ved kvardagen til oss alle. Kvar dag et vi mat, og landbruket betyr mykje for landskapet vi bur i. I landbruket fins det eit breitt spekter med ulike bedrifter, frå tradisjonelle gardsbruk til bedrifter med unike produkt og tilleggsnæringar.

Vi er stolte av å vere ein aktør innan norsk landbruk, ei spennande næring med potensial for utvikling. Målet vårt er at seminaret kan bidra til å lyfte fram idear og moglegheiter.

Arrangørar

Arrangementet blir arrangert av Etablererkontoret Vest-Telemark, Vest-Telemarkrådet, Fylkesmannen i Telemark (landbruksavdelinga) i samarbeid med ulike organisasjonar som skal vere til stades: kommunal landbruksforvaltning, Innovasjon Norge, Bondelaget, Norsk landbruksrådgivning og Nome videregående skole (avdeling Søve).

Program

16.00: Opning ved Marita Bruun, Fylkesmannen i Telemark
16.15: Foredrag Dag Fredrik Eftedal, Svane Gourmetpotet – Kompromissløs kvalitet
16.45: Foredrag Eivind Haalien, NorgesGruppen – Lokalmat og spesialiteter
17.15: Pause med bagett med lokalt pålegg
18.00: 3 lokale bedrifter presenterar seg
Jenny Fossum Grønn – Øvre Gunleiksrud
Trude Flatland – Kafe Matglede
Gro Hommo – Lega Ost
18.30: Spørsmål og kommentarar
18.45: Presentasjon av organisasjonar til stades
19.00: Stasjonar, moglegheit til å stille spørsmål, drøfte idear, be om råd osv.
20.00: Avslutning

Arrangør: Etablererkontoret Vest-Telemark, Vest-Telemarkrådet og Fylkesmannen i Telemark i samarbeid med ulike organisasjonar innan norsk landbruk
Stad: Kafe Matglede, Øyfjellvegen 1446, Vinje
Tid: Måndag 14. november  kl. 16–20
Pris: kr 0,00

Påmelding

Ope for alle. Meld deg på HER innan 7. november.

14. november 2016

man tir ons tor fre lør søn
 V            

Eivind Haalien

Eivind Haalien er produktgruppesjef lokalmat hjå NorgesGruppen. Dei siste 15 år har han vore ein sentral person innan matområdet, både nasjonalt og internasjonalt. Han sit og har delteke i ei rekke utval og styre knytt til lokalmatnæringa. Til det har han fagbrev som kokk. Med rette ein ambassadør for norsk mat!

Dag Fredrik Eftedal

Dag Fredrik Eftedal driv saman med kona, Maria, Eftedal Gård i Larvik. Visjonen er å produsere gourmetpotetar med ei unik historie. Dei produserer potetar til Norrek, Smaken av Grimstad, Sørlandschips, dei beste restaurantar i landet og Meny. På garden finst det eit topp moderne potetpakkeri med polerar og pakkemaskinar. Og dei kallar seg potetnerdar på ordentleg!



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.