HEIM > JOBB


JOBB

- variert næringsliv og spennande kultur


Vest-Telemark: ein felles bu- og arbeidsmarknad

Vest-Telemark er ein felles bu- og arbeidsmarknad. Heile regionen kan sjåast under eitt når ein skal vurdere aktuelle jobbar. Det er fullt mogleg å bu i ein kommune og jobbe i ein annan. Familiar som flyttar til Vest-Telemark finn ut at ein godt kan finne to interessante jobbar ved å leite litt utanfor den kjende kommunegrensa.

Oversikt over arbeidsgjevarar i Vest-Telemark 

Arbeidsmarknaden i Vest-Telemark er representert ved eit stort mangfald av offentlege og private arbeidsgjevarar. For å gje deg eit bilete av dette jobbar me no med å samle alle arbeidsgjevarane i regionen i ein felles bedriftsoversikt her på vest-telemark.no. Finn du ei bedrift du synest verkar interessant for deg kan du ta kontakt eller sende ein open søknad. 

Kø-fri sone

Alle som har budd i by veit at ein halvtime går fort når køen står. I Vest-Telemark er det ikkje kø. Sjølv om avstanden viser fleire kilometer, treng ikkje reisetida vere lengre enn det ein normalt reknar som OK i bynære strøk.

Sjekk ut stillingsannonsene denne veka:

REISETIDER I REGIONEN:

Klikk på tabellen!



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.