HEIM > Forsideinnhold > Nyheter



    Nyheter

    Her kan du finne ut kva som finst av leilegheiter, einebustader og småbruk til sals akkurat no.

    På utkikk etter arbeid? Her finn du oversikt over kva som finst av utlyste, ledige jobbar innan privat og offentleg sektor i Vest-Telemark akkurat no. 

    Inspirasjonsseminar med fokus på nye moglegheiter i landbruket blir arrangert 14. november 2016.

    Gründerprisen skal gå til ein person eller bedrift frå Telemark som nyleg har utvikla ein idé til kommersiell næringsverksemd.

    Du kan velje på øvste hylle i Rauland! Næringshagen ynskjer kontakt både med leigetakarar og potensielle investorar.

    Les den siste regionale analysa av Vest-Telemark med hensyn på befolkning, arbeidsplassar, næringsutvikling og attraktivitet.

    Vil du prøve deg som skodespelar eller statist? Eller veit du om ein gard som kan egne seg til kortfilminnspeling?

    Nyleg kom Telemarkforsking med regional analyse av Vest-Telemark 2014.

    Kurset dekker grunnleggande informasjon om skatt, meirverdiavgift, elektronisk innlevering og litt om krav til rekneskap.

    Hovudgjest 2016: Næringsminister Monica Mæland. Fokus i år ligg på vekstkraft og omstillingsevne i Vest-Telemark.

    16.-20. november går Gründerveka 2015 av stabelen i Telemark.

    I Noreg har me lange tradisjonar innan vasskraft, olje, gas og mineral. Tysdag 29. september blir Telemark Energiforum 2015 arrangert på Notodden.

    Ta ein titt på alt du kan finne på i Vest-Telemark i sumar!

    Sjå oversikta over alt som skjer i Telemark i påska her!

    Konfliktrådet tilbyr hjelp med å løyse konfliktar, både lovbrot og sivile konfliktar. No søker rådet nye meklarar i Telemark.

    Fredag 6. februar inviterer Vest-Telemark Næringshage i Kviteseid til lunsj og seminar med CONNECT Norge. Sett av to timar denne dagen til å bringe selskapet ditt vidare!

    13. januar er offisiell opningsdato for Friluftslivets år 2015. Mål for året er å auke merksemda til friluftsliv og gje positive verknader på folkehelsa.

    Vest-Telemark Konferansen samlar på nytt politikarar, privat næringsliv, offentleg tilsette og organisasjonar i regionen for å drøfte eit viktig tema. Er næringshagar framtida for god næringsutvikling i regionen?

    Vest-Telemarkrådet og prostidiakonen i Vest-Telemark oppmodar innbyggjarar her til å sjå utstillinga «Hvis klær kunne fortelle» som blir vist fram i regionen vår i løpet av dei neste to vekene. Utstillinga er ein dokumentasjon av omsorgssvikt, vald og overgrep mot barn.

    Talentjakten er ein unik sjanse for regionen og næringslivet i Telemark til å marknadsføre seg sjølv og sikre seg i "kampen om dei gode hovuda", som vil bli ein utfordring i framtida.

    Laurdag 1. november inviterer prostidiakon i Vest-Telemark og Vinje kommune til gratis verdiseminar på Vinjehuset der nok eit viktig tema blir lyfta fram og drøfta. Årets tema er forsoning.

    På Vest-Telemark Museum i Eidsborg kan du no sjå ei varmande utstilling av hundre gamle kufter frå heile Noreg, i alle fargar og mønstre og i eit vaskeekte 1960-tals interiør. Det blir arrangert fleire strikkekveldar framover, og sundag 14. desember vert utstillinga runda av med både boklansering og jolemarknad.

    I midten av oktober lanserte Vest-Telemark blad dei nye nettsidene sine. Hurra!

    Nissedal kommune har no ein splitter ny prøvebustad med to separate leilegheiter til utleige i Treungen. Prøvebustaden er meint å vere stad der folk kan kan bu for ein periode og såleis «teste ut» bygdelivet.

    Har du eit viktig prosjekt som treng finansiering? Få innsyn i relevante tilskotsordningar og lær å skrive gode søknadar - meld deg på kurset som blir arrangert på Morgedal hotell 27. august!

    Dermed føyer han seg inn i rekkja av kjente norske forfattarar som i løpet av åra har vitja det årvisse litteratur-arrangementet i Vinje. Litteraturdagane blir arrangert 29-31. august.

    I samband med satsinga «Bustadetablering i distrikta» har Seljord kommune som ein av 12 kommunar i landet, fått godkjent tilskot til bustadbygging på tomt nr. 10 i nytt bustadfelt i Tømmeråsen. 

    Vrådalsdagen arrangerast for tredje gong denne sommaren. Her blir det liv og røre med salsbodar, utstillingar, basar, loppemarknad, underhaldning m.m.

    Sist fredag lanserte Vinje kommune dei nye nettsidene sine. Målet er å formidle informasjon til publikum på ein enklare og meir effektiv måte.

    Måndag blei det andre Verdiseminaret arrangert for elevane i ungdomsskulane i Vinje.

    Grunnlovsjubileet vert markert i dei fleste grender og tettstader i heile vestfylket fyrstkomande laurdag. Her kan du sjå programma i dei ulike kommunane.

    I høve grunnlovsjubileet vitja eit entusiastisk team frå DR1 Dalen sist veke. Opptaka dei gjorde blir ein del av eit program som blir vist på DR1 på kvelden 17. mai. Hurra!

    Det er framleis mogleg å få med seg påskeutstillinga hjå Galleri Straume. Utstillinga er open fram til 27. april.

    Her kan du laste ned den nye regionale analysa for næringsutvikling, attraktivitet og innovasjon som er utført av Knut Vareide og Marit Owren Nygaard frå Telemarkforsking.

    Bli med i Telemark Superski sin store konkurranse i vinter. Flotte premier, og nye vinnere hver uke! 

    Er du glad i gull, sylv , diamantar og fine gåver? Drøymer du om å drive eigen butikk? No har du sjansen til å oppfylle denne draumen - VIP Gullsmed på Telesenteret er nemleg til sals.

    Grasrotarbeidet i sorg og kriser, den direkte kontakten, er framleis det viktigaste for Prostidiakonen i Vest-Telemark, Eilev Erikstein. I 2013 gjennomførte han heile fem hundre samtaler.

    For 11. året på rad samlast politikarar, privat næringsliv, offentleg tilsette og organisasjonar for å drøfte viktige tema for regionen. Her kan du melde deg på Vest-Telemark Konferansen på Straand hotell 6. februar 2014. Velkomen!

    Sist laurdag blei det arrangert noregsmeisterskap i Kettlebell Sport. Sju av dei spreke deltakarane var frå Øyfjell, deriblant Ingvild Moen Fonnebø som med sin store innsats og kraft sytte for bronsemedalje i ei klasse med sterk konkurranse.

    Har du ein sølvsmed i fingertuppane og lyst å lære filigransølvsmedarbeid? No har du sjansen. Gullsmed Søftestad på Sølvsmedtunet i Vrådal søkjer i desse dagar etter lærling i det skinande faget.

    I august starta arbeidet med eit svært spennande pilotprosjekt i Vest-Telemark kalla «Læringsløpet i Telemark og Kongsbergregionen». 

    Vest-Telemarkrådet oppmodar alle frivillige lag og organisasjonar, samt kommunemedarbeidarar i Vest-Telemark til å melde seg på gratis tilskotskurs neste veke. Målet er å auke kunnskapen om kvar og korleis ein kan få pengestøtte til sine tiltak gjennom både kjente og ukjente tilskotsordningar.

    Hugs verdiseminaret som blir arrangert i Vinje fyrstkomande laurdag! Seminaret er gratis for alle, temaet er språk, og prostidiakon i Vest-Telemark, Eilev Erikstein, er spent på kor mange språk og nasjonalitetar dei klarer å samle i Vinjehuset denne dagen.

    Kommunane i Vest-Telemark søkjer i desse dagar etter ein prosjektleiar som skal bidra i utviklinga av eit betre læringsmiljø i alle Vest-Telemark-kommunane. 

    Vinje kommune er med i Norsk Luftambulanse sitt prosjekt, «Mens du venter på ambulansen».

    I dag kom gladmeldinga frå samferdselsminister Marit Arnstad om at strekninga mellom Seljord og Åmot skal bli vesentleg oppgradert innan 2018. 

    Lin betyr «det svært nyttige» og er historisk sett kanskje den mest interessante av alle tekstilfibrar. I haust kan du lære å spinne din eigen lin på Raulandsakademiet. 

    Vellukka verkstad i Vrådal

    Kommunane i Vest-Telemark gjennomførte denne veka ein to-dagars «verkstad» saman med fylkeskommunen der temaet var utarbeidinga av areal -og transportplanen for Telemark. 

    Småskalamat har blitt ein favoritt for mange – og ikkje utan grunn. I Vest-Telemark har me fleire produsentar som legg tid, hjarte og sjel i maten dei produserer og foredlar. Her kan du lese meir om dei ulike aktørane i regionen.

    Morgedal idrottslag arrangerte «Multisport» for fyrste gong i 2007. I morgon er dei på ny klare for det spreke arrangementet i skibygda.



    This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.