HEIM > BU > Ynskjer du å bygge bustad i Seljord?


Ynskjer du å bygge bustad i Seljord?

- det gode liv på landet


Ynskjer du å bygge bustad i Seljord?

25 juni 2014

I samband med satsinga «Bustadetablering i distrikta» har Seljord kommune fått godkjent tilskott på kr. 600.000,- til bustadbygging på tomt nr. 10 i nytt bustadfelt i Tømmeråsen. 

Om du er interessert; ta kontakt med Plan- og utviklingssjef Frid Berge i Seljord kommune snarast. Krav til søkjar er at dei ynskjer å busette seg i kommunen, samt at dei må ferdigstille hus på tomt nr. 10 i Furutoppen innan 3 år. 

Send e-post til frid.bergeSPAMFILTER@seljord.kommune.no <frid.bergeSPAMFILTER@seljord.kommune.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)med kort info om kven som søkjer, litt om kvifor du ynskjer å busette deg i kommunen og tankar om ditt bustadprosjekt innan 9. juli.
Er det fleire som oppfyll krava for tilskott blir det føretatt loddtrekning.

Ein av tolv kommunar

I 2012 blei 285 distriktskommunar i Noreg inviterte til å søke om å delta i forsøksordninga. Målgruppa for ordninga er kommunar der bustadmarknader er til hinder for næringsutvikling eller rekruttering av nøkkelkompetanse i privat og offentleg sektor. Samtidig skal kommunar som får støtte frå ordninga ha vist engasjement for å løyse desse problema.

– Å skaffe nok og varierte bustader er ei hovudutfordring for mange distriktskommunar som vil auke eller halde oppe folketalet. Difor vil me gje ekstra tilskot for å fram gode løysingar som kan utløyse meir av dei potensiala som finst, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Seljord kommune er ein av tolv kommunar som skal delta i satsinga. Alle kommunane som er plukka ut, er valde fordi tiltaka dei planlegg eller har sett i gang har nasjonal overføringsverdi. Dei utvalde kommunane har også ulike idear og tilnærmingar til korleis bustadutfordringane i distrikta kan løysast.

> Seljord kommune



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.