HEIM > BU > Småbruk


Link til www.gardsbruk.no


Småbruk

Draumen om eit småbruk og det gode liv på landet

Mange som ønskjer å flytte på landet har ein draum om å bu på eit småbruk. Småbruk til sals veks diverre ikkje på tre, ei heller i Vest-Telemark.

Alternativet

Draumen om eit småbruk er ofte knytt til eit ønskje om å å finne eit godt bumiljø, med ro, god plass, og nærleik til naturen. Dette kan du få i Vest-Telemark, også utan eit småbruk. Me har god plass, og kommunane i Vest-Telemark er svært positive til å få nye innbyggarar.

Å finne ei fin tomt

Vest-Telemark Næringsutvikling kan formidle kontakt med lokalkjende folk ute i kommunane. Dei veit kvar det kan vera fint å sjå seg om etter tomt, og kan hjelpe deg med å finne ut kven grunneigarane er. Når du har funne staden og avklart med grunneigar, kan du ta kontakt med kommunen igjen.

Bygging utanfor regulert område

Om du finn ei fin tomt, og ynskjer å bygge utanfor regulert område, vert saksgangen noko annleis enn om du veljer å kjøpe ferdig opparbeidd tomt i regulert område. Søknadsprosessen du må igjennom avheng av kvar du ynskjer å dele ifrå ei tomt. Plankontora i kommunen koordinerer arbeidet med ein delingssøknad. Både plan- og bygningslova, jordlova, fylkesarkeologar og vegvesen har òg sitt å seie, og difor må du reikne med litt ekstra tid til denne delen av prosessen.

Kostnad

Tomteprisane i Vest-Telemark er generelt låge i høve til tomteprisar i sentrale strok, men dersom du vel å bygge utanfor etablerte tomtefelt må du naturleg nok påreikne ekstra kostnadar knytt til veg, vatn, kloakk og straumtilførsel.

www.gardsbruk.no

Gardsbruk.no er ei gratisteneste for marknadsføring av ledige gardsbruk som raskt har blitt landets viktigaste marknadsplass for landbrukseigedomar.

Ta ein kikk på sida, det kan hende du er heldig!

Gardsbruk.no blei starta i 2000, og er ein del av prosjektet "Slipp oss til - ungdom inn i landbruket". Sidan starten har meir enn 1000 gardsbruk frå over 300 kommunar blitt annonsert på nettsida.



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.