HEIM > BU > Prøvebu i Vest-Telemark?


Skisse Hjartdal

Trykk for stort bilete

Last ned prospekt her

Skisse Tuddal

Trykk for stort bilete


Prøvebu i Vest-Telemark?

Prøvebustader i Vest-Telemark

Kvifor Prøvebustad?

Å skaffe seg bustad er den største investeringa ein gjer i livet. Ideen med ein prøvebustad er å minske risikoen ved å flytte til ein ny stad. Bustadane er meint som eit tilbod til folk som ynskjer å flytte til regionen, men som fyrst vil bu her ein avgrensa periode for å sjekke ut om dei trivst, for så å kjøpe eller bygge eigen bustad.

Prøvebustadprosjekt i Vest-Telemark ynskjer å skape gode, moderne og lokale bustadalternativ i ein rural kontekst.

Sentralt og sosialt

Me ynskjer at prøvebustadane skal ligge i nærleiken av sentrale institusjonar så som skule, barnehage, grendehus og butikk. Målet med dette er å legge til rette for at dei som prøvebur raskt skal bli integrerte i det sosiale nettverket på staden, slik at sjansen for at dei blir verande aukar. Det er også eit poeng at det finst fleire byggeklare tomter i nærleiken.

Fleire prøvebustader i Vest-Telemark

Den fyrste, og hittil einaste, prøvebustaden i Vest-Telemark vart bygd i Øyfjell i Vinje, og var innflyttingsklar til skulestart 2010. Dei andre kommunane som har vurdert prøvebustader er Seljord, Kviteseid og Hjartdal. Alle skisseprosjekta er på plass. Med utgangspunkt i skissene vil kvar av kommunane og grendelaga som er involverte ta stilling til om dette er noko dei kan og vil bygge.

Positivt verkemiddel i arbeidet med tilflytting

Dei ulike prosjekta vil ta ulike former og ha ulike fokusområde. Det som er felles for alle, er at ein ynskjer å bruke prosjektet som eit positivt verkemiddel i arbeidet med tilflytting.

Lokal identitet, miljø og bærekraft

 Viktige felles element i prosjekteringa av dei ulike skisseprosjekta har vore:

  • Lokal identitet – sett både i eit tradisjonelt og eit moderne perspektiv
  • Skånsam opparbeiding av landskapet
  • Bruk av kortreiste og lokale material
  • Bustadene skal vere arealeffektive og bærekraftige

Merkevare i Vest-Telemark

Prøvebustaden skal i tillegg til å dekke eit praktisk behov vere eit viktig element i omdømmebygging; ei merkevare for kommunen og regionen. Prosjektet signaliserer ein spenstig region som tør å iscenesette sine rike kulturtradisjonar i ei ny tid. Vest-Telemark syner med eit slikt prosjekt at me tør å satse på framtida. Dette elementet av tradisjon i ny innpakning er noko me trur appelerer til målgruppa:

Unge etableringsklare familiar som ynskjer seg ut av byen.

Internasjonal appell

Med prøvebustader i fleire kommunar vil Vest-Telemark få moglegheit til å marknadsføre regionen samla ut mot resten av landet og utlandet. Prosjektet er unikt både nasjonalt og internasjonalt.


Modell Flatdal

Trykk for stort bilete

Last ned prospekt her

Skisse Kviteseid

Trykk for stort bilete

Last ned prospekt her

Prøvebustaden i Øyfjell


This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.