HEIM > BU > Korleis skaffe seg bustad?



Korleis skaffe seg bustad?

Tips til deg som er på leit etter bustad

Annonser

I tillegg til Finn.no bør du følge med i lokalavisa Vest-Telemark Blad (VTB). Mykje blir aldri lagt ut på Finn. Det er også mogleg å abonnere på VTB på nettet.

Jungeltelegraf

Har du kjende i Vest-Telemark så bruk dei for det dei er verd. Be dei ha antennene ute og spørje seg for i lokalmiljøet.

Prøvebustad

Ein prøvebustad er for deg som vil teste ut korleis du trivast i Vest-Telemark, utan å brenne alle bruer der du bur no. Det er mogleg å leige prøvebustaden for ein avgrensa periode. Fleire av kommunane i Vest-Telemark har ferdige skisseprosjekt. Per dags dato finst det to prøvebustader i Vest-Telemark, ein i Øyfjell, Vinje og ein tomannsbustad i Treungen, Nissedal.


Hus til sals

Hus til leige

Vest-Telemark Blad


This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.