HEIM > BU > Bygdene



Bygdene

Noko av sjarmen ved Vest-Telemark er dei utallige bygdene og smågrendene. Her trivast folk og lever gode liv.

Skattejakt

Litt avhengig av korleis me reknar finst det iallfall 70 grender og bygder i regionen. Å ta seg ein tur innover vegar ein aldri har vore på, og finne fram til grender ein aldri har høyrt om, kan tilrådast for dei som er glade i skattejakt. Her finst mange uoppdaga idyllar, også for innfødde vest-telar.

Bygdemobilisering

Det er nok av folk som drøymer om eit liv utanfor asfaltjungelen. Me som er så heldige å bu i Vest-Telemark kan hjelpe til med å oppfylle nokre av desse draumane. Nokre av bygdene i regionen har dei seinare åra gjennomført prosjekt for å auke trivselen lokalt og legge til rette for auka tilflytting.

Dugnad knyter folk saman

Desse initiativa kjem ofte frå grasrota. Frå folk som er glade i og har omsut for at bygda dei bur i skal vekse og leve vidare. Slike prosjekt generer ein enorm dugnadsinnsats og er god indremedisin for det enkelte samfunn. Her får du presentert nokre av dei trivelege grendene og bygdene i Vest-Telemark:

Ei fredsam avstikkarperle mellom Vinje- og Lio-svingen

Ei grend mellom Flatdal og Hjartdal.

Trivelege Flatdal høyrer til Seljord kommune, og husar over gjennomsnittet mange kunstnarar.

Midt mellom Seljord og Rauland ligg eit sprudlande lokalsamfunn som har vore prega av tilflytting og hytteutbygging dei seinaste åra. Under Brattefjell, Seljords høgaste fjell, finn du Åmotsdal.

Den gamle, ærverdige industristaden ligg vakkert til ved innsjøen Bandak, og er nest siste stoppestad for båtar opp Telemarkskanalen.

Høgt til fjells, midt mellom aust og vest, finn du langt meir enn luntande elgar i solnedgang. Du finn mellom anna nokon som kallar seg Øyfjellingar, samt ein lama i ny og ne. Lyst til å bli betre kjend med oss?

Jazz-elskarar stimar mot New Orleans, Elvis-fans samlar seg i Memphis, ski-entusiastar kjem i flokk til den vesle fjellbygda Morgedal. Kva har dei til felles? Dei jaktar på det originale…

”Fager er bygdi med stupbratte liar, fjorden ligg speilblank og klar”, heiter det i Fjågesundsongen. Bygda ved det fagre sundet eller bygda midt i leia er også ofte sagt om grenda mellom Flåvatn og Kviteseidvatnet.

Kultur-Telemarks hjarte.



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.