HEIM > Aktør > Vest-Telemarkrådet > Om oss


Felles utfordring - felles løysing


Om oss

Tinget er det høgaste organet i det formelle samarbeidet mellom dei 6 kommunane i Vest-Telemark. Rådet driftar samarbeidet etter dei retningsliner som Tinget vedtek.

VEST-TELEMARKTINGET

Tinget har fire representantar frå kvar av dei seks kommunane i regionen.

Desse fire er:

  • ordførar
  • varaordførar
  • eit anna kommunestyremedlem
  • rådmann

Oppgåver

  • Tinget kjem saman minst to gonger i året. Dei vedtek arbeidsprogram og budsjett for komande år.
  • Arbeidsprogram og budsjett vert utarbeidd av Vest-Telemarkrådet. Arbeidsprogrammet er retningsgjevande for regionssamarbeidet som Vest-Telemarkrådet driftar.
  • Tinget vel leiar og nestleiar i Vest-Telemarkrådet for 2 år av gongen. Tittelen på desse tillitsvalde er Regionordførar for Vest-Telemark og Regionvaraordførar for Vest-Telemark.

VEST-TELEMARKRÅDET

Ordførarane i dei 6 Vest-Telemarkkommunane utgjer Vest-Telemarkrådet, med varaordførarane som personlege vararepresentantar.

Oppgåver

Saman med Regionrådsleiaren skal Rådet stå for den daglege drifta av regionssamarbeidet i Vest-Telemark.

Arbeidsprogram

Rådet skal kvart år utarbeide budsjett for komande år, medan forslag til arbeidsprogram vert utarbeidd annankvart år. Arbeidsprogrammet er retningsgjevande for rådet sitt arbeid, og kan også innehalde saker og tiltak som krev arbeid over fleire år. Forslaga vert lagt fram for Vest-Telemarktinget til endeleg godkjenning.

Rådet søkjer å ivareta ein god dialog med næringslivet i regionen.

VIKTIG DISTRIKTSPOLITISK SAMARBEIDSORGAN

Vest-Telemarkrådet har gjennom åra utvikla seg til på bli eit viktig distriktspolitisk samarbeidsorgan for kommunane i Vest-Telemark. Organet har ei sentral rolle i arbeidet med å legge til rette for interkommunalt samarbeid og finne felles løysingar som gjev betre tenester til innbyggjarane. Eit godt samspel mellom kommunane er heile tida avgjerande for god måloppnåing.

Regionen har gjennom samarbeidet oppnådd:

  • Auka samhald og sterkare felles identitet
  • Å framstå som ei samla eining i høve til stat, fylkeskommune og omgjevnad elles
  • Betre grunnlag og større tynge i forhandlingsspørsmål
  • Betre grunnlag for å nå fram i høve til felles søknadar
  • Semje i vanskelege saker
  • Auka lokal merksemd og betre grunnlag for etablering av samarbeidsordningar
  • Betre grunnlag for etablering og busetting i regionen
  • Auka grunnlag for felles investeringar i infrastruktur som t.d. breiband

SAMAN ER ME STERKARE

Me har over tid sett ei aukande sentralisering og overføring av ressursar frå distrikt til sentrale strok. I tida som kjem vil ein difor meir enn nokon gong trenge gode samarbeidsorgan og sterke talspersonar som kan ivareta distriktets interesser.

Representantar og vararepresentantar 2012-2015.

Representantar 2012-2015



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.