Heim > Aktør > Vest-Telemarkrådet


Felles utfordring - felles løysing

Vest-Telemarkrådet
Telefon: 41 55 27 75

Veksthuset

Granlivegen 1 A

3850 KVITESEID

E-post Sekretariat

kghSPAMFILTER@vest-telemark.no <kghSPAMFILTER@vest-telemark.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)


SAMARBEID OVER KOMMUNEGRENSENE

Vest-Telemarkrådet er regionalt samarbeidsorgan for kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Rådet løyser felles spørsmål for dei deltakande kommunane, og står som koordinator for ei rekkje samarbeidstiltak i regionen. Vest-Telemarkrådet har ei viktig rolle innan kontakt og samarbeid med stat, fylkeskommune, regionråd og andre organisasjonar.

Gjennom samarbeid ynskjer me å finne dei beste løysingane på felles utfordringar.

Aktuelt

14 mai 2013

21. mai vert det rådsmøte i Morgedal. Blant orienteringssakene står folkehelse i Telemark på programmet.

6 mai 2013

Øystein Torsås har leia IKT-samarbeidet i regi av Vest-Telemarkrådet dei fyrste månadane. Øystein avsluttar oppdraget sitt idag, og me takkar for innsatsen.

8 april 2013

Regionrådsordføraren vår, Kviteseidordførar Torstein Tveito, vart laurdag kåra til årets ordførar i Senterpartiet.

12 mars 2013

Vest-Telemarkrådet har denne gongen m.a. invitert representantar frå Miljøforum i Vinje for å orientere nærare om ein prosjektidé innafor avfallshandtering. 

7 mars 2013

Vil du vere med og “lage ringar i vatnet”?

5 mars 2013

Lyntogseminaret på Kongsberg 11. mars må diverre avlysast. 

20 feb 2013

Vest-Telemark Rådet, Midt-Telemark Rådet og Kongsbergregionen samarbeider om eit spennande lyntogseminar på Kongsberg 11. mars. Politikarar, næringsliv og andre interesserte er velkomne til m.a. å høyre prosjektleiar Ottmar Grein frå Deutsche Bahn fortelje om deira utgreiingar om lyntog i Noreg.

22 jan 2013

Høgfartsbane, profilering av Vest-Telemark og budsjett står på dagsorden når Vest-Telemarktinget samlast i Vrådal 7. februar

15 jan 2013

Årets fyrste Vest-Telemarkråd blir halde i Morgedal 22. januar.

10 des 2012

Stort forfall og fleire møtekollisjonar gjer at neste møte i Vest-Telemarktinget er avlyst.