Velkomen til Yrkesmessa 2012
Torsdag 2. februar er det yrkesmesse på Vest-Telemark vidaregåande skule for 29. gong på rad. Ballet vert opna av adm.dir i NHO, John G. Bernander.
Breidt samarbeid i Vest-Telemark
Den årlege yrkes- og utdanningsmessa blir arrangert av vår eigen vidaregåande skule, rådgjevarane i grunn- skulane i Vest-Telemark, Vest-Telemark Næringsforum og Bygdelivsmeklaren. Dette er eit viktig samarbeid der me utfyller kvarandre i høve til å vite kva ein treng i framtida i regionen innan skule, arbeidsliv eller busetnad.
Kva kompetanse treng me i framtida?
Denne dagen kjem det utstillarar frå nesten heile landet: Det kjem representantar frå skular, lærebedrifter, høgskular og universitet i tillegg til folk frå fleire forskjellige yrke. Dei fortel om kva dei ulike yrka gjeng ut på og kva for utdanning ein vil trenge i forskjellige jobbar. Og ikkje minst ønskjer dei å fortelje om kva for jobbar det er behov for i framtida, særleg i Vest-Telemark.
Les meir i den flotte messe-avisa
Program for dagen:
Trykk for stort bilete