Heim > Aktør > Vest-Telemark Næringsutvikling > Til arrangørar i Vest-Telemark!


Næringsutviklingsselskapet for Vest-Telemark

Vest-Telemark Næringsutvikling
Telefon: 35068400
E-post: postSPAMFILTER@vest-telemark.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)


Til arrangørar i Vest-Telemark!

Visste du at Vest-Telemark no har Noregs råaste kalenderdistribusjon?

Unik distribusjon

Arrangementsinformasjon blir spreidd til infokioskane du finn ved turistkontora og kjøpesentra i Telemark, VisitNorways nettsider og mobilapp, Eniro - Ditt distrikt, Origo.no, Telemarkher.no, TA.no og TAs papirutgåve. TAs papirutgåve ålene når 70 000 lesarar.

I tillegg blir arrangementa synlege på vest-telemark.no og din eigen kommune sine nettsider. Og også ei rekkje andre nettsider avhengig av kva for kommune du bur i - visitdalen.com, dyrskun.no osb...

Dette er den mest eksplosive distribusjonen nokon kalender i Noreg har! - og du kan bruke han. Gratis.

Opplæring av arrangørar - systemet ligg der

No er det berre å lære seg systemet. Store og små arrangørar kan få opplæring i kunsten å legge inn arrangement i kalenderen. Kommunane vil ha eigne kontaktar som tek imot informasjon. Ta kontakt med nettsideansvarleg i Vest-Telemark Næringsutvikling: infoSPAMFILTER@vest-telemark.no <infoSPAMFILTER@vest-telemark.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen), for å koblast opp mot opplæring/kurs i dei ulike kommunane.

Gå til din kommune sin kalender:

http://fyresdal.origo.no/

http://kviteseid.origo.no/

http://nissedal.origo.no/

http://seljord.origo.no/

http://tokke.origo.no/

http://vinje.origo.no/

Få tilgang og legg ut arrangement

Bruk "Bli medlem"- knappen for å få tilgang til å legge ut dine arrangement (knappen er grøn og finst i det mørke feltet nedst på kalendersidene).

Lukke til!