Heim > Aktør > Vest-Telemark Næringsutvikling > Prosjekt - arbeidsoppgåver


Næringsutviklingsselskapet for Vest-Telemark


Prosjekt - arbeidsoppgåver

VTNU - ein prosjektorganisasjon

Vest-Telemark Næringsutvikling fungerer som regionsapparatet til dei 6 kommunane i Vest-Telemark.

VTNU er samlokalisert med sekretariatet i Vest-Telemarkrådet som etter behov dreg veksel på den mangfaldige kompetansa hjå prosjektarbeidarane i VTNU. Prosjektarbeidarane som er knytte til VTNU har variert utdanning; jus og økonomi, sosialantropologi, industridesign, reiseliv og landbruk.

Prosjekt og drift

Vest-Telemark Næringsutvikling v/dagleg leiar driftar Vest-Telemark Næringsbygg. Elles er alt VTNU gjer organisert som prosjekt og avhengig av ekstern finansiering. Dette søker VTNU fyrst og fremst frå det sentrale verkemiddelapparatet i stat og fylke. Verkemiddelapparatet er i stor grad retta mot regionar og ikkje einskilde kommunar. Difor har VTNU ei viktig rolle med å skaffe regionale utviklingsmidlar på vegne av alle kommunane i Vest-Telemark.

VTNU er ikkje-kommersielle på den måten at det økonomiske overskotet vert førd inn i nye eller eksisterande regionale utviklingstiltak.

Ein fleksibel og omstillingsdyktig organisasjon

Det er få tilsette i VTNU. Dei fleste som jobbar her leiger seg inn gjennom eigne enkeltmannsføretak og gjennomfører arbeid etter behov og finansiering. Såleis er organisasjonen særs fleksibel og omstillingsdyktig. Dersom prosjektarbeidarane ikkje skaffar finansiering til prosjekt dei jobbar med, vert det ingen jobb. Dette kan vera ei utfordrande arbeidsform for mange, men det triggar dei som er mest engasjerte og svoltne på utvikling, noko som kjem kommunane i regionen til gode.

Oversikt over prosjekta som VTNU driv og har drive:

Me tilbyr verksemder inntil 15 timar gratis rådgjeving.

På grunn av manglande/utilstrekkeleg interesse for utbygging av breiband-infrastruktur på kommersielt grunnlag, har det vore eit organisert samarbeid om slik utbygging i Vest-Telemark sidan 2004/2005.

Dette er prosjektet til Bygdelivsmeklaren i Vest-Telemark. Under dette prosjektet ligg fleire enkelttiltak.

VTNU driftar Vest-Telemark Næringsbygg AS (VTN).

Gab- og kartsamarbeidet inneber at det lovpålagte vedlikehaldet av GAB-data no skjer regelmessig via felles server.

Dette er ei felles nettside for dei 6 kommunane i regionen.

Vegen frå idéstadium og fram til bedriftsetablering kan by på utfordringar, og ein tek ofte val av avgjerande karakter. På Etablerarkontoret i Vest-Telemark kan du få hjelp og rettleiing i denne fasa.

Idéen om høgfartstog i Norge er i stor grad knytt til omgrepet Haukelibanen og det pionérarbeidet som er utført av Norsk Bane AS. Kommunane i Vest-Telemark var tidleg ute med å støtte dette initiativet.

VTNU AS er sekretariat for innkjøpssamarbeidet mellom 8 kommunar i Midt- og Vest-Telemark.

Her samarbeidar me med andre regionar i Telemark og Telemarkreiser om å få til digital infrastruktur som skal sikre god oppdatering av alle gode tilbod i Telemark.