Prøvebustader
Prøvebustader i Vest-Telemark
Kvifor Prøvebustad?
Å skaffe seg bustad er den største investeringa ein gjer i livet. Ideen med ein prøvebustad er å minske risikoen ved å flytte til ein ny stad. Bustadane er meint som eit tilbod til folk som ynskjer å flytte til regionen, men som fyrst vil bu her ein avgrensa periode for å sjekke ut om dei trivst, for så å kjøpe eller bygge eigen bustad.
Prøvebustadprosjekt i Vest-Telemark ynskjer å skape gode, moderne og lokale bustadalternativ i ein rural kontekst.
Sentralt og sosialt
Me ynskjer at prøvebustadane skal ligge i nærleiken av sentrale institusjonar så som skule, barnehage, grendehus og butikk. Målet med dette er å legge til rette for at dei som prøvebur raskt skal bli integrerte i det sosiale nettverket på staden, slik at sjansen for at dei blir verande aukar. Det er også eit poeng at det finst fleire byggeklare tomter i nærleiken.
Fleire prøvebustader i Vest-Telemark
Den fyrste, og hittil einaste, prøvebustaden i Vest-Telemark vart bygd i Øyfjell i Vinje, og var innflyttingsklar til skulestart 2010. Dei kommunane som no vurderer prøvebustader er Seljord, Kviteseid og Hjartdal. Alle skisseprosjekta er no på plass. Med utgangspunkt i skissene vil kvar av kommunane og grendelaga som er involverte ta stilling til om dette er noko dei kan og vil bygge.
Positivt verkemiddel i arbeidet med tilflytting
Dei ulike prosjekta vil ta ulike former og ha ulike fokusområde. Det som er felles for alle, er at ein ynskjer å bruke prosjektet som eit positivt verkemiddel i arbeidet med tilflytting.
Lokal identitet, miljø og bærekraft
Viktige felles element i prosjekteringa av dei ulike skisseprosjekta har vore:
- Lokal identitet – sett både i eit tradisjonelt og eit moderne perspektiv
- Skånsam opparbeiding av landskapet
- Bruk av kortreiste og lokale material
- Bustadene skal vere arealeffektive og bærekraftige
Merkevare i Vest-Telemark
Prøvebustaden skal i tillegg til å dekke eit praktisk behov vere eit viktig element i omdømmebygging; ei merkevare for kommunen og regionen. Prosjektet signaliserer ein spenstig region som tør å iscenesette sine rike kulturtradisjonar i ei ny tid. Vest-Telemark syner med eit slikt prosjekt at me tør å satse på framtida. Dette elementet av tradisjon i ny innpakning er noko me trur appelerer til målgruppa:
Unge etableringsklare familiar som ynskjer seg ut av byen.
Internasjonal appell
Med prøvebustader i fleire kommunar vil Vest-Telemark få moglegheit til å marknadsføre regionen samla ut mot resten av landet og utlandet. Prosjektet er unikt både nasjonalt og internasjonalt.