Om oss
Prosjektorganisasjon
VTNU er ein profesjonell prosjektorganisasjon som tek på seg rådgjeving og prosjektleiing innanfor feire ulike fagfelt, så som næringsutvikling, bygdeutvikling, digital kommunikasjon, landbruk m.m.
Vest-Telemark Næringsutvikling AS er eigd av Vest-Telemark Næringsbygg (VTN). VTN er eit eigedomsselskap for Øvre Telemark.
Tenester me leverer
- Næringsutvikling, rådgjeving og etablerartenester
- Reiselivsutvikling
- Utbygging av infrastruktur
- Kommunal IKT-utvikling
- Bygdemobilisering
- Drift av Vest-Telemark Næringsbygg
- Innkjøpssamarbeid i Vest- og Midt-Telemark
- Tiltak i Strategisk Næringsplan
- Drift av Vest-Telemarkportalen (www.vest-telemark.no)
Regional utvikling
Vest-Telemark Næringsutvikling AS er det regionale næringsutviklingsselskapet i Vest-Telemark. Sidan 1995 har selskapet jobba med regionale utviklingsprosjekt og oppgåver av næringspolitisk karakter. Som regionalt utviklingsselskap har selskapet eit særleg ansvar for å fremje regionens interesser. Dei siste åra har selskapet mellom anna vore ein aktiv aktør innan breibandutbygginga i Vest-Telemark.