Etablerarkontoret
Går du rundt med ein idé, og vurderer å starte eiga bedrift?
Vegen frå idéstadiet og fram til etablering kan by på utfordringar, og ein tek ofte val av avgjerande karakter. På Etablerarkontoret i Vest-Telemark kan du få hjelp og rettleiing i denne fasa.
Etablerarkontoret Vest-Telemark er eit samarbeid mellom dei 6 Vest-Telemarkkommunane, Innovasjon Noreg og NAV.
Me kan tilby:
- Individuell samtale
- Idéavklaring
- Hjelp til søknadsskriving m.m.
Tenesta er gratis inntil 15 timar, eller etter avtale.
Du finn meir informasjon om kurs, ressursar og tenester her:
http://www.etablererkontoret.no/vest-telemark/
Ta kontakt med:
Svein Henriksen, bedriftsrådgjevar i Vest-Telemark Næringsutvikling
E-post: shSPAMFILTER@vest-telemark.no <> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Tlf: 901 74 159
Ung bedrift er eit utviklingsprogram for nyetablerte verksemder (0-5 år) i Vest-Telemark
I tillegg til Etablerarkontoret og bedriftsrådgjevinga ved VTNU i Kviteseid finst det ein Inkubator for mat- og/eller naturbaserte verksemder i Seljord.
Ein gong i månaden kan du møte Innovasjon Norge på Veksthuset i Kviteseid