Heim > Aktør > Vest-Telemark Næringsutvikling > Bygdelivsmeklaren


Næringsutviklingsselskapet for Vest-Telemark

Vest-Telemark Næringsutvikling
Telefon: 35068400
E-post: postSPAMFILTER@vest-telemark.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)


Bygdelivsmeklaren

Velkomen til Vest-Telemark!

  • Har du spørsmål knytt til bustadmoglegheiter i Vest-Telemark?
  • Lurar du på jobbmoglegheiter i regionen?

Ta kontakt med landets einaste Bygdelivsmeklar:

 

Bygdelivsmeklar

Elisabeth Lid

Tlf: 408 57 748

E-post: elSPAMFILTER@vtnu.no <elSPAMFILTER@vtnu.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Bygdelivsmeklaren i Vest-Telemark jobbar med rekruttering gjennom ulike prosjekt

På bakgrunn av erfaringar gjort i prosjektet ”Vi snur vinden – fleire folk til Vest-Telemark”, og andre rekrutterings- og bygdeutviklingsprosjekt, ynskjer Bygdelivsmeklaren å fortsetje arbeidet i prosjektet ”Bulyst – gje det vidare!”.

Bulyst - gje det vidare!

Målet med ”Bulyst – gje det vidare!” er å skape ein region som er attraktiv å bu i og flytte til, utvikle trygge, bærekraftige bustadmiljø, og gjennom dette oppnå befolkningsauke. Me ynskjer altså å rekruttere nye innflyttarar og å legge til rette for at dei som bur her, blir verande.

Me ynskjer å skape bulyst og blilyst

Me vil i dette prosjektet vere spesielt opptekne av innbyggarane si rolle og deira ansvar i høve til utfordringane med fråflytting frå regionen. Ein har sett verdien av å bevisstgjere og gje ansvar til dei som allereie bur her.

Alle innbyggarane i Vest-Telemark har ei vertskapsrolle

For å skape bulyst er det avgjerande at Bygdelivsmeklaren si vertskapsrolle vert vidareført i alle ledd; kommunalt og lokalt ute i grendene.