Bli aktør på www.vest-telemark.no?
Vil DI bygd, eller DI verksemd vera med på nettsamarbeidet i Vest-Telemark?
Fleire heimesider samla til ei smart løysing
Som du kanskje oppdagar ligg det fleire heimesider inne i portalen www.vest-telemark.no. Klikk på 'Aktørar' i hovudmenyen og få oversikt over kven som er inne så langt. Slik kan me samle drift av fleire sider til ei smart løysing. Målet er at dette spleiselaget på sikt skal halde liv i ein webredaktør som har ansvar for heilskapen, og som kan hjelpe dei ulike aktørane med utvikling og redigering av sidene sine.
Alle kan få heimeside i Vest-Telemarkportalen
Det flotte med dette systemet er at alle som vil kan bli aktør, og få laga si eiga heimeside inne i Vest-Telemarkportalen. Om ein alt har ei webadresse, kan denne rutast rett inn til den gjeldande sida i portalen. Du får din eigen logo, bannerbilete og menystruktur.
Saman aukar me trafikken på sidene
Saman vil me generere fleire treff og auke trafikken for kvar enkelt aktør.
Ta kontakt om du ynskjer å vera ein del av nettsamarbeidet i Vest-Telemark: postSPAMFILTER@vest-telemark.no <> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Same lest som www.visitrauland.no
Reiselivsportalen på Rauland er pionerane på denne webløysinga som er unik i norsk samanheng. I Rauland har alle dei store reiselivsbedriftene lagt ned sine opprinnelege sider og istaden samla seg i ein og same portal: www.visitrauland.com. Kvar bedrift beheld si nettadresse, men denne peikar inn på bedrifta si nettside under VisitRauland.
Finansiering av webredaktør skjer ved at alle betalar sitt bidrag per år.
Drastisk auke i trafikken på heimesidene i Rauland
Før samanslåinga hadde VisitRauland.com i snitt 300 treff kvar dag. I dag ligg snittet på 1.500 treff kvar dag, og på det meste har VisitRauland hatt 3.400 unike treff på ein dag! Bedriftene som har lagt si nettside under VisitRauland har auka trafikken på nettsidene sine kraftig som følge av dette.
Case: Øyfjell
Bygda Øyfjell har lenge ynskt seg ei lita bygdeside som vender seg mot potensielle tilflyttarar, og som elles held bygdefolk oppdaterte på smått og stort i lokalmiljøet. Oppdateringsarbeid er vanskeleg å gjennomføre med berre dugnadsinnsats, og ei felles redaktør-teneste kan auke nivået på sluttproduktet.
Øyfjell er no den fyrste bygda som har si eiga heimeside integrert i Vest-Telemark.no, og me haustar no erfaring frå det arbeidet.
Alle bygder kan ha si eiga side i Vest-Telemarkportalen
Alle bygder kan få kjøpe si eiga side i Vest-Telemarkportalen. Sidan det ofte er grendelag eller andre idéelle lag og eldsjeler som driftar slike bygdesider gjev Vest-Telemark.no ein monaleg idealisme-rabatt for slike aktørar. Det skal vera mogleg å gjennomføre, også økonomisk. Ein basar i året, så er sida i boks!
Vil DI bygd ha heimeside i Vest-Telemarkportalen?
Ta kontakt med webredaktøren: infoSPAMFILTER@vest-telemark.no <> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Sjekk ut den nye heimesida til Øyfjell her: www.øyfjell.no
DI verksemd på Vest-Telemark.no?
Det regionale samarbeidet ynskjer å synleggjere regionens kvalitetar og aktørar på ein målretta og god måte. Om de ynskjer sjølvstendige nettsider, aktør-sider med eige domene, eller kun ei enkel registrering av verksemda under Telejobb.no, vil denne løysinga kunne hjelpe deg med alt dette.
Ulike prisnivå
Det er kostnadsfritt å stå som verksemd under “Telejobb.no” og med å samarbeide om eiga nettløysing, kan du velje mellom ulike prisnivå med fast pris per år. Prisen skal dekke arbeidskostnaden for web-redaktør.
Har du spørsmål, ta kontakt med webredaktøren: infoSPAMFILTER@vest-telemark.no <> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Har du noko på hjartet?
Me legg inn informasjon på nettstaden, ikkje nøl med å ta kontakt!
- Har du saker til portalen?
- Har du skrivekløe?
- Har du gode foto du vil dele med andre?
Skriv til: infoSPAMFILTER@vest-telemark.no <> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)