Bedriftsrådgjeving
VTNU jobbar med regional utvikling og kan tilby rågjeving og hjelp til:
- Næringsdrivande og bedrifter
- Privatpersonar/etablerarar
- Tilflytting av bedrifter til regionen
- Samarbeidsprosjekt mellom bedrifter.
Døme på hjelp/assistanse kan vere:
- Prosjektvurdering/diskusjonspartnar
- Økonomistyring
- Bedriftsutvikling
- Rettleiing i utforming av søknadar
- Oppstartshjelp
- Kontakt med finansieringsinstitusjonar.
All kontakt med VTNU er konfidensiell om ikkje anna er avtala.
Dette er fyrst og fremst ei teneste for allereie etablerte bedrifter, også innan landbruk, men samarbeidet med Etablerarkontoret er tett.
Tenesta er gratis innanfor eit avtalt timetal.
På VTNU er det desse som jobbar mest med bedriftsrådgjeving:
Børge Skårdal
Spesialfelt: IKT, infrastruktur, generell bedriftsrådgjeving.
Børge er siviløkonom og har arbeidserfaring frå handel, sjukehusdrift, mekanisk industri, IT-rådgjeving og næringsutvikling. Han har jobba som rådgjevar, dagleg leiar og styreleiar.
Svein Henriksen
Spesialfelt: Etablerarsaker og generell bedriftsrådgjeving.
I tillegg til å drifte Etablerarkontoret i Vest-Telemark driv Svein generell bedriftsrådgjeving saman med resten av teamet på VTNU. Han har jobba mykje med næringsutvikling og har arbeidserfaring frå Skatteetaten, støperi- og mekanisk industri, trelast- og sagbruksbransjen og stab- og støttefunksjonar i Telenor. Svein har jobba som økonomisjef, førstekonsulent og rådgjevar.
Ole Dalen
Spesialfelt: Bedriftsrådgjeving, etablerarrådgjeving, IKT og design.
Ole har fleire års erfaring frå sjølvstendig næringsverksemd, og bedriftsetablering i Vest-Telemark. Han er utdanna industridesignar med ingeniørfag og jobbar m.a. som teknisk konsulent for Mesta Drift AS. Han har erfaring som tømrar, møbelsnekkar og sagbruksarbeidar.
Haldor Kaasin
Spesialfelt: Juridisk- og finansiell rådgjeving, næringsetablering.
Haldor er dagleg leiar av Vest-Telemark Næringsutvikling og Vest-Telemark Næringsbygg. Han har arbeidserfaring frå Rikstrygdeverket, og har elles jobba som næringssjef, juridisk konsulent og banksjef i DnB NOR.