Om Telejobb
Arbeidsmarknaden i Vest-Telemark er representert ved eit stort mangfald av offentlege og private arbeidsgjevarar. I bedriftssøket vårt kan du søke på kompetansefelt og kommune, og sjå om du finn noko som passar for deg.
I søkeresultatet vil du få opp dei arbeidsgjevarane som kan vere aktuelle ut ifrå dine kriterie. Om du finn det interessant kan du gå vidare til arbeidsgjevar si heimeside, ta direkte kontakt, sende CV osv.
Vi jobbar med å fylle databasen vår med bedrifter utover i 2011 og håpar du såleis etterkvart skal få eit godt inntrykk av Vest-Telemark som ein stor og attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion!
Vest-Telemark er ein kompakt og spanande arbeidsmarknad
Vi fokuserer ofte på at det er store avstandar i Vest-Telemark med dårlege vegar mellom bygdesentera. Og ja, vi kunne godt hatt betre vegar. Men realiteten er at ein stort sett kan bu ein stad i Vest-Telemark, og ha jobb stort sett kvar som helst innan regionen med akseptabel reiseavstand.
Hovudmålgruppa til prosjektet Telejobb
For familiar som flyttar til regionen høyrer vi ofte at det er ei utfordring å finne to greie jobbar. Denne gruppa er hovudmålgruppa for Telejobb. Gjennom denne nettsida ønskjer offentlege og private arbeidsgjevarar i regionen å vise seg fram slik at du som potensiell heimflyttar eller innflyttar får augene opp: Vest-Telemark har mykje å by på!
Nettsida søker å framstille Vest-Telemark som ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion.
Gjennom å få fram mangfaldet av verksemder håpar vi at du skal sjå regionen som meir attraktiv.
I tabellen under gir vi deg reisetid i minutt innad i regionen. Alle som har budd i sentrale strok veit at ein halvtime går fort når køen står. I Vest-Telemark er det ikkje kø. Sjølv om avstanden viser fleire kilometer, treng ikkje reisetida vere lengre enn det ein normalt reknar som OK i bynære strøk:
Frå | Til | Reisetid |
| Fyresdal | Seljord | 64 min |
| Åmot | Kviteseid | 34 min |
| Treungen | Kviteseid | 46 min |
| Dalen | Seljord | 43 min |
| Fyresdal | Dalen | 40 min |
| Høydalsmo | Rauland | 34 min |
| Vrådal | Morgedal | 25 min |