Heim > Aktør > Telejobb > Aktuelt > ARKIV > Kva er telejobb.no


Arbeidsmarknaden i Vest-Telemark

Telejobb
Telefon: 35042400
E-post: postSPAMFILTER@vtnf.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)


Kva er telejobb.no

Portalen for deg som er interessert i jobbmoglegheitene i Vest-Telemark.

Som ein del av rekrutteringsprosjektet for Vest-Telemark er det utvikla ein eigen arbeidsgjevarportal for regionen. Telejobb.no vil vere ei nettside der bedrifter og kommunar kan legge ut ein enkel profil av si verksemd. Sida skal marknadsførast mot alle som er interessert i Vest-Telemark som arbeidsplass.

Avgrens søket

Sida er bygd opp slik at ein kan gå inn på portalen telejobb.no, søke på arbeidskategoriar (f.eks bygg og anlegg) og få opp alle arbeidsgjevarar i Vest-Telemark som har tilsett personar med slik kompetanse.

Ta kontakt

Søkeresultatet vil vise ei liste over bedrifter/kommunar. Frå lista kan ein velge ei bedrift og gå inn å sjå ein enkel profil. Her skal ein finne kort og enkel informasjon om bedrifta, og kontaktinformasjon. Om arbeidssøkaren finn bedrifta interessant kan vedkommande sende ein mail for å kome i kontakt eller gå vidare til bedrifta si heimeside.

NB! Ein treng ikkje ha konkrete ledige stillingar for å vere synleg på Telejobb.no. Tanken er at du som potensiell arbeidstakar får kjennskap til arbeidsmarknaden og eventuelt sette deg i kontakt med aktuelle bedrifter.

Slik får både arbeidstakar og arbeidsgjevar kjennskap til kvarande, og arbeidsgjevar kan ta direkte kontakt når ein skal rekruttere nye arbeidstakerar.

Telejobb er utvikla og driftast av Vest-Telemark Næringsforum

Har du spørsmål kan desse rettast til:

Olav A. Veum (Dagleg leiar i Vest-Telemark Næringsforum)

SEND MAIL <olavSPAMFILTER@vtnf.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

SJÅ HEIMESIDA WWW.VTNF.NO