HEIM > Aktør > Øyfjell > Kva skjer? > Øyfjellingar i kettlebell-VM!


- ei levande bygd i Vinje


Øyfjellingar i kettlebell-VM!

26 nov 2014

Tre gonger tre hurra for Vegard og Harald!!

Du veit kan hende at det er eit særs aktivt kettlebellmiljø i Øyfjell - men visste du at to Øyfjellingar nyleg kom heim etter å ha deltatt i VM i denne sporten? Og at dei gjorde det godt?!

Imponerte

15 (!) åringen Vegard Skolås Seltveit imponerte både måpande sambygdingar og internasjonale kettlebellutøvarar med sin innsats. Heile 72 gonger lyfte han to 24 kg. tunge kuler over hovudet på strake armar i løpet av ti minutt! Lagleiar og primus motor for kettlebelltreningane i Øyfjell, Harald Rishovd, lyfte seg til bronsemedalje i veteranklassa!

Vest-Telemark blad er på saka - og serverar truleg ein lengre rapport om bragdene om litt.

Me er stolte av innsatsen dykkar, karar!



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.