HEIM > Aktør > Øyfjell > Kva skjer? > NM i Kettlebell Sport


- ei levande bygd i Vinje

Ingvild gjer det sterkt!

Jostein i aksjon

Vegard imponerar

Sjokokuler!


NM i Kettlebell Sport

11 des 2013

Laurdag 7. desember arrangera Valhalla Kettlebell Club noregsmeisterskapet i Kettlebell Sport 2013. Øyfjell Trenings- og Kettlebellklubb stilte med sju deltakarar

Kettlebell Sport er ein gamal idrett i Russland og mange av dei tidlegare statane i Sovjetunionen, men er ganske fersk i vår del av verda. Årets NM var det andre meisterskapet her heime, og det fyrste vår klubb deltok i.

Kva er Kettlebell Sport?

Utøvarane kan delta i tre ulike lyft; Long Cycle (vending med støt), Snatch (Rykk) og Jerk (Støt). I Long Cycle lyfter karane ein kettlebell i kvar hand, medan damer lyfter ein kule. Helgas NM gjekk i øvingane Long Cycle og Snatch. Kvar øving skal kjørast i 10 minutter utan stopp. Viss ein eller begge kulene berører golvet, er konkurransen over. Det er med andre ord snakk om raske, eksplosive løft i 10 min utan stopp… 

Sterke ungdommar

Ungdommane frå Øyfjell er solide! I klassa Long Cycle for Junior Menn var det berre løftarar fra vår klubb, men resultata gutta klara står det uansett stor respekt av! Etter 10 knallharde minutter var det Kristian Skolås som trakk det lengste strået og blei norsk meister. Han lyfta 2x16 kg hele 91 gonger, medan Vegard Skolås blei nummer to med 71 repetisjonar/2x20 kg. Jostein Skolås fylgde på tredje med 2x16/78 reps, Tarjei Trovatn Rømo blei nummer fire med 2x16/71 reps og Torjus Rorge Tjønn blei nummer fem med 2x14/62 reps. Vegard og Torjus er under 15 og skulle eigentlig løfta i ein ungdomsklasse, men på grunn av få deltakarar blei Ungdom og Junior slått saman til ein klasse. Sterke gutar!

Fantastisk innsats av Ingvild

Damer under 64 kg var ein av dei største klassane, der 11 deltakarar hadde kvalifisera seg til deltaking. Ingvild kjørte sitt sett veldig bra, og enda på ein super tredjeplass med 87 repetisjonar/20 kg! Vi såg at ho hadde løfta bra, likevel var det nesten så ei lita tåre trilla fram i augnekroken på trenaren då ho blei ropa opp til pallen!

Vegard deltok i to konkurransar

Sjølv om 10 minutt med 2x20 kg er krevjande for heile kroppen, ville Vegard også stille i øvinga Snatch (rykk). Her var han einaste Junior, men køyrde uansett eit solid sett med 20 kg kule.

Ny konkurranse komande laurdag

Ungdommane skal i elden igjen allerede laurdag 14. desember. Då arrangerast Valhalla Christmas Sprint i Oslo, og vi stiller med hele 11 deltakarar – gjengen frå NM pluss Cecilie Nesheim, Torvill Dyrdal, Sigmar Dyrdal og Jørn Egil Tollefsen. Referat fylgjer.

Me beklagar at me ikkje har gode bilder av alle deltakarane frå klubben – lovar å skjerpe oss til neste konkurranse!
Vil du vite meir om kva med driv med? Søk opp Øyfjell Trenings- og Kettlebellklubb på Facebook.

 

Tekst: Harald Rishovd

Foto: Bjørnar Trovatn  

Bronse til Ingvild!

Team Telemark

Tarjei er klar til dyst



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.