HEIM > Aktør > Øyfjell > Kva skjer? > Handle lokalt!


- ei levande bygd i Vinje


Handle lokalt!

25 okt 2014

Laurdag 1. november går "Handle lokalt" dagen av stabelen. Trovatn Landhandel deltek i den nasjonale markeringa!

235 nærbutikkar vil delta i den nasjonale og årlege «Handle lokalt»-kampanjen, som fokuserer på kor viktig den lokale butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handelslekkasje og stimulere til meir lokal handel.

Bodskapen i kampanjen er at nærbutikken er ein svært viktig ingrediens i eit levande lokalsamfunn. 

- Når du handlar lokalt, er du med på å oppretthalde nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Vi ønskjer å takke kundane for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda, seier kampanjeleiar Per Kjetil Jørgensen.

Hurra for bui kånns!

Matkroken vår er ein nærbutikk som held høg standard - ei innbydande, nyoppussa og feiande flott bu som me er veldig takksame for at me har i Øyfjell! Tre gonger tre hurra for Trovatn Landhandel!

1. november 2014

man tir ons tor fre lør søn
           V  


This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.