HEIM > Aktør > Øyfjell > Aktivitetskalender


- ei levande bygd i Vinje


Aktivitetskalender

Vil du sofaslitaren i deg til livs? Her får du oversikt over fritidssyslar for både små, store og einkvar smak.

Trykk for stort bilete

Aerobic, måndag

Effektivt aerobicprogram med enkel/middels vanskeleg koreografi. Kort styrke til slutt. Instruktør: Emilie, arr: Friskvernet i Vinje kommune

Kroppsvektstyrke, tysdag

Heng deg med på morosam og effektiv sirkeltrening på grendehuset! Kroppsvektsøvingar gjer at sveitten silar og smilet blir breiare og breiare. Med the Harald! Arr: Øyfjell Utvikling.

Styrketrening for kvende, onsdag:

Onsdagar er Marie klar med styrketrening som passar for alle. Øvingane kan tilpassast kvar form og kvar kropp – ingen grunn til å nøle, bli med!

Skjoting, onsdag

Øyfjell Skyttarlag møtast i lokala i kjellaren på Grendehuset heile vinteren for å trene. Her er ei god blanding av unge og gamle på treningane. Arr: Øyfjell Skyttarlag.

Sjakk, torsdag

Geitebukken Ungdomssjakklubb møtast annankvar torsdag på Grendehuset, for å bryne seg på nye sjakkgåter og spele mot kvarandre.

Kettlebells, torsdag

Gamaldags russisk styrketrening med Kettlebells (slags små kanonballar med handtak). Du trenar opp funksjonell styrke som gjev ein sterk og god kropp! Harald losar oss gjennom denne artige og effektive måten å trene på. Arr: Øyfjell Utvikling.

Pistoltrening, torsdag

Bli med på pistolskjoting på grendehuset! Kvar onsdag kl 1900 møtast ein gjeng og trenar og har det moro. 

Arr: Øyfjell Miniatyr- og Pistollag. Kontakt: Kjetil Nordstoga, 918 58 379

Kreative kafé på Straume, torsdag

Kafé der ein kan ta med kreativ syssel av mangt eit slag. Du er sjølvsagd hjarteleg velkomen om du berre vil ete kake og skravle med andre denne kvelden. Arr: Galleri Straume

 


This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.