Så moro at du stakk innom oss i dag!
Me serverar her ein smakebit av Øyfjell i tekst og bilete, og håpar denne vil vere til glede og nytte for både erfarne, ferske og potensielle sambygdingar, tilreisande og generelt nysgjerrige.
Velkomen til oss!
Kva skjer?
Me høyrer rykte om at Sigrid Breiseth forrige veke kom seg til toppen av Kilimanjaro. Er ho fyrste Øyfjelling som ruslar rundt der oppe, tru?
For litt sidan stakk journalist Marit Lajord frå Framtida.no innom Øyfjell, med det mål for auge å gjere ein knakande god artikkel om bygda vår. Det har faktisk blitt til ein heil fylgjetong - les del ein, om lamakongen vår, Helge, her!
"Det er mange organisasjoner som sliter med dårlig oppmøte på årsmøtene. I Øyfjell utvikling kan det virke som det er gjort noen grep for å få en forandring på dette" skriv ein begeistra TA-journalist
Onsdag 22. februar, kl. 19.30, vert det årsmøte i Øyfjell Utvikling på Øyfjell Skule. Vel møtt!
Annankvar laurdag kan du få kjøpt rykande ferskt, heimebaka brød på Raundalen!
I vinterferien har Galleri Straume ope kvar dag kl 12.00 - 17.00. Kom og sjå maleri, keramikk og smykker i utstillinga vår!
Fyrstkomande sundag, 12. februar, kl.12.00 - 17.00 vil vi heidre alle flotte mødre i og utanfor Øyfjell!
Anne Lise E. Andersen kjem for å halde kurs i baking på takke 3.- 4. mars på Rorge grendehus
Nyttårshopprennet 2011 vart ein suksess, med 35 store og små frammøtte! ”Og fleire blir me til neste år”, tippar fornøgde arrangørar
Me ser tilbake på nokre av bragdene idrettsmessig sett i 2011 – der me kan gle oss over at sambygdingar har hevda seg heilt i toppen - og det på nasjonalt nivå!