Link tab title



Morgedal > Historia


Den moderne skisportens vogge


Historia

Sondre Norheim var ein fattig gardsarbeidar, født i 1825 i Morgedal, der snøtunge vintrar gjorde ski til eit naturleg framkomstmiddel og ein del av kvardagen. Morgedølane nytta ski når dei skulle gjeste grannen, gå på jakt, hente ved i skogen og for i det heile å ta seg fram i djupsnøen i det bratte terrenget.

Sondre, ein dugande handverkar og ein velbygd kar, skulle koma til å endre folks syn på kva skiløyping skulle vera. Han gav skiene ei utforming som sette utøvaren i stand til å meistre bakkane som aldri før. Han laga også ein ny hælbinding (telemarksbindingen) som heldt skia fast til foten.

Skiløyping blei virtuositet, og med det nye utstyret og ein nesten ”overnaturleg dugleik” viste han ski-kunststykke som ingen hadde sett før. Skiløyping slik Sondre utvikla det, blei leik og kunstnarleg utfalding. Rundt Sondre voks det i 1860-åras Morgedal fram ein skikultur som i historisk perspektiv er blitt legendarisk.

Sondre og følgjesveinane hans gjekk på ski den 200 km lange vegen til Kristiania (Oslo) for å konkurrere og vise kva dei var gode for. I skirennet var morgedølane heilt overlegne, og folkemengda som samla seg for å sjå på, stod som fjetra. Dei hadde aldri sett slik skikunst før, det var som ei openberring.

Gutane frå Telemark hadde skapt ski-feber, og ryktet om dei spreidde seg snøgt. Det var frå Morgedal dei kom, ambassadørane som drog til Oslo og starta verdas første skiskule. Deretter fór dei til Amerika og ut i Europa med sine nye ski og ein ny teknikk.

Skiløyping blei ikkje lenger berre ein måte å ta seg fram på. Skiene blei nå eit middel til leik og moro. I pur glede sette dei utfor, gjorde lange hopp og stoppa ikkje før dei nådde botnen av den snøkledde dalen. Med morgedølane i spissen tok skiløypinga steget over i den moderne skisporten. Utøvarane leita seg fram til den ekte skigleda, gleda over å gli på ski gjennom glitrande silkesnø…

Husmannen frå Morgedal som blir kalla "far til den moderne skisport". Født i dei bratta bakkane i Morgedal i 1825, og døydde på prærien i Nord Dakota i 1897. 

Olav Bjaaland var skiløpar og skimakar frå Morgedal. Han vann kongepokal i 1902, og 14. desember 1911 var Olav saman med Roald Amundsen og resten av den norske ekspedisjonen, dei fyrste som nådde Sørpolen. 

I 1881 starta Torjus og Mikkel Hemmestveit verdas fyrste betalte skiskule i Kristiania (Oslo). Begge reiser til USA, og via sine skiferdighetar blir dei kalla "The crazy Norwegians from the North Pole". 

Fredag 15. februar 1952 vart den olympiske elden tent til Vinter-OL i Oslo. To dagar før den offisielle opninga i Oslo, vart tyrifakkelen tent i gruva på Øverbø, staden der Sondre Norheim vart født i 1825. 


Morgedal 1860-åri. Sjå film:

Klikk for stort bilete


This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.