Link tab title



Morgedal > Bygda


Den moderne skisportens vogge


Bygda

Velkommen til Morgedal, Telemark

– den moderne skisportens vogge

Morgedal finn du i Kviteseid kommune i Vest-Telemark,  og du vil snart sjå at bygda er lykkeleg skåna for den ”overutviklinga” ein kan møte i andre reiselivsmetropolar. Morgedal er prega av eit aktivt jordbruk, og derfor ligg alt til rette for å oppleve nærkontakt med norsk natur i kvardagen. Det bur om lag 250 menneske i bygda, men samhaldet er sterkt, og der finst fleire lag og arbeidsgrupper som jobbar for bygdas beste. Lokale dugnadsdagar er populære, og så å seie heile bygda møter fram med høveleg reiskap for å hjelpe til med å gjera grenda rein og ryddig. Den lokale butikken leverer ikkje berre daglegvarer, men er også ein møtestad der folk gjerne tek seg tid til å slå av ein prat og høyre siste nytt.

Morgedal er frå naturens side forma som eit amfiteater, der den sentrale delen er dominert av ein liten innsjø med bratte åsar ikring, oftast snokledde i vintermånadene. Morgedalstjønni ligg på 430 m.o.h. og med åsane og fjella omkring opp til 1100 m, har bygda derfor eit typisk innlandsklima med kalde og stort sett snosikre vintrar og tempererte somrar.

Frå Morgedal har det kome både gode skiløparar og polarheltar som har sett sitt preg på nasjonal og internasjonal ski- og polarhistorie. I bygda kan du oppleve historia med eit besøk på museum, eller med ski på beina i dei gamle, historiske løypene. Du kan lære telemarkkøyring på staden der telemarkkøyring kjem frå, gjerne med det originale utstyret som Sondre Norheim og andre morgedølar bruka for 150 år sidan. På sommaren kan du vandre på stiar og vegar, eller sykle i flott natur.

> Meir info om våre tilbod og opplevingar finn du på menyen til venstre

 

Morgedal - birthplace of ski sport from Morgedal Norway on Vimeo.



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.