Link tab title



Morgedal > Aktuelt > Resultater og bilete Morgedal Multisport 2016


Den moderne skisportens vogge


Resultater og bilete Morgedal Multisport 2016

Morgedal Multisport markera sitt 10-årsjubileum laurdag 20. august, og både lokale utøverar og langvegsfarande konkurrera med kajakk, sykkel og løping i flott natur.

Det var fleire spanande duellar både i Classic og i Challenge. I open klasse kvinner vart det på nytt favorittseier til Brita Cecilie Mustad, ho tok sin 6. siger (i tillegg ein 2.plass). I open klasse menn vart meir spanande, men til slutt vann Per Gunnar Mustad sin 5. seier (i tillegg ein 2.plass) 15 sekundar før Kjetil Andre Bjerkrheim. 

Bjerkrheimfamilien frå Nesbyen markera seg òg i Classic, Tore Bjerkrheim var raskaste mann i denne løypa, medan Mona Hobøl Bjørnerud var raskaste kvinne. 

Blant laga i Classic var det laget frå Dønski vidg. skule Bærum raskast, dei sette ny rekord med tida 42:02. I Challenge vann laget med Harald L Gjelstad, Kristian L Gjelstad og Torfinn Hovden Åbø.

Det var òg konkurranse for dei minste, eit 20-tals ungar sykla og løp. Mange nytta i tillegg høve til å leike i hoppeslottet og fotballsimulatoren. 

Resultat Classic 2016

Resultat Challenge 2016

Bilete 2016 og Morgedalstjønni

Les kva Varden skriv

Les kva Telemarkavisa skriv

Les kva Vest-Telemark Blad skriv



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.