Link tab title



Morgedal > Aktivitetar


Den moderne skisportens vogge


Aktivitetar

Morgedal, ski- og brettkøyring i historiske løyper. Sondre Norheim sine berømte løyper er rydda og klargjort, nå kan du teste løypene til legenda som blir kalla far til den moderne skisport.

Sommaren er ei god tid i Morgedal. Vandrar du langs stigar, og vegar ser du dyr på beite i flott kulturlandskap, og i Morgedalstjønni kan du fiske etter abbor og aure.

Norsk Skieventyr er ein naturleg stad å stoppe langs E134. Det spesielle bygget byr på ei multimedia-reise gjennom norsk ski- og polarhistorie og ikkje minst god, heimelaga mat på Innsvingen Kafé. Ope heile året.

Har du lyst til å teste deg sjølv i løypene etter Sondre Norheim med skiutstyret som han utvikla for meir enn 150 år sidan, eller har du lyst på eit par pynteski til å ha på veggen? Morgedal Ski kan hjelpe deg med begge delar.

Flatbrødbaking har lang tradisjon i Morgedal. Skreppa bakar flatbrød av beste kvalitet, og no kan du vera med og bake kanskje Noregs beste flatbrød.

"Sørpolekspedisjon", skiskokasting, lang eller stuttski, skiskyting med pil og boge eller prøvesmaking av "klister" er aktivitetar ein kan oppleve i Morgedal.

Morgedal har fleire ski- og turløyper i sitt nærområdet. Les kva Riksantikvaren skriv om Sondre Norheim, og ein tur til Øverbø og Morgedal.



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.