Link tab title



Morgedal


Den moderne skisportens vogge

Løypekøyring i Morgedal. Skisporet.no.

Morgedal i 1860-åri (NRK 1970)


Jazz-elskarar stimar mot New Orleans, Elvis-fans samlar seg i Memphis, ski-entusiastar kjem i flokk til den vesle fjellbygda Morgedal. Kva har dei til felles? Dei jaktar på det originale…

Kven var Sondre Norheim – denne karismatiske personen som endra utforminga av skiene og gav oss verdas første ski med innsving og hælbinding? Kvar budde han, og kva var det med terrenget han voks opp i som inspirerte han til å utvikle ski og skiteknikkar berre for å kunne nyte gleda av full fart utfor bakkane?

Aktuelt

Skarphedin IL Telemark og Morgedal IL har på kort varsel tatt på seg årets NM i bakketelemark 7.-9. mars. Grunna vanskelege snoforhold vart NM flytta frå Molde til Raulandsfjell. 

Laurdag 1. mars er det klart for nye Morgedalsleikar. Arrangementet er i år flytta til hotellbakken, og det vil bli konkurrert i Telemark klassisk sprint og Telecross. Renna er ein del av den regionale telemarkcupen og Telenorrenn. 

Fredag 24. oktober er det pizza- og tacobuffe på Norsk Skieventyr. Servering frå kl. 16.00. 

Sundag 9. februar er det morsdag, og Innsvingen Kafè på Norsk Skieventyr i Morgedal serverar varmmatbuffè denne sundagen. 

Skikarusellen startar opp i veke 4. Staden er ljosløypa i Morgedal, og me startar frå kl. 17.30. Det blir og eit Telenor renn i hotellbakken. Det blir laurdag 1. mars.

Noreg kan feire 200 års-jubileum for grunnlova i 2014. NRK sin satsing er programmet "Jakten på Norge" der ein vil finne ut det særeigne om nordmannen. Derfor var det naturleg å starte med ski, og eit besøk til Morgedal. 

Onsdag 27. november var det fakkeltenning på Øverbø i Morgedal. Det var ingen kongelege prinsesser i år, men mange andre tok turen opp til Sondre Norheim fødestad.

NRK Telemark besøkte Norsk Skieventyr, og det var tenning av OL-fakkelen og opning av Norsk Skieventyr for 20 år sidan som var tema. Sjå også NRK sin reportasje for 20 år sidan. 

Fredag 22. november startar me feiringa av Norsk Skieventyr og fakkelstafetten til OL på Lillehammer sitt 20 års-jubileum. På quizen vil det sjølvsagt bli spørsmål om kva som hende for 20 år sidan samt ski- og polarhistorie. 

Norsk Skieventyr, 20 år med ski- og polarhistorie. 26. november i 1993 opna Norsk Skieventyr dørene, og dagen etter vart OL-elden tent, jubileumsdagar i Morgedal 22.-30. november. 

Opningstider Norsk Skieventyr og Innsvingen Kafé

Korleis kjem du hit?



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.