Link tab title



Morgedal


Den moderne skisportens vogge

Løypekøyring i Morgedal. Skisporet.no.

Morgedal i 1860-åri (NRK 1970)


Jazz-elskarar stimar mot New Orleans, Elvis-fans samlar seg i Memphis, ski-entusiastar kjem i flokk til den vesle fjellbygda Morgedal. Kva har dei til felles? Dei jaktar på det originale…

Kven var Sondre Norheim – denne karismatiske personen som endra utforminga av skiene og gav oss verdas første ski med innsving og hælbinding? Kvar budde han, og kva var det med terrenget han voks opp i som inspirerte han til å utvikle ski og skiteknikkar berre for å kunne nyte gleda av full fart utfor bakkane?

Aktuelt

Torsdag 13. november kjem Halvor Kleppen til Norsk Skieventyr i Morgedal. Han vil presentere den nye boka "De kalde lekene" og opne ny utstilling med same namn.

Mange arrangement og mykje god mat på Norsk Skieventyr og Innsvingen Kafe i november og desember.

Oddgeir Bruaset, kjent frå NRK-programmet “Der ingen skulle tru at nokon kunne bu” kjem til Norsk Skieventyr i Morgedal torsdag 6. november. Han vil presentere den nye boka med same namn som den populære TV-serien. Det blir og presentasjon av bøkane "Telemark Historie".

Innsvingen Kafe' på Norsk Skieventyr har ope kvar dag. Nytt i oktober er vårt faste tilbod kvar laurdag.

Eldredagen i Kviteseid 2014 blir på Norsk Skieventyr i Morgedal 1. oktober frå kl. 13.00. Programmet blir variera med både dataspel, musikkinnslag og god mat.

Jolebordsesongen nærmar seg fort, og Morgedal Hotell har eit spanande og variera tilbod å tilby denne hausten. Konsert, jolemarknad, dans og masse god mat er pakka saman til flotte opplevingar. 

Morgedal hotell finn du midt i smørauget av flott natur og toppturar. Langs E134 er dette ein strategisk stad å bu for å oppleve Øvre Telemark sin rike kultur og ikkje minst flotte natur.

Fårikålens festdag feirast siste torsdag i september. Morgedal hotell serverar fårikål torsdag 25. september frå kl. 16.00. 

Kom og opplev årets jolekonsert med Paal Flaata på Morgedal Hotell 22. og 23. november 2014. Prøv også våre gode jolebordtilbod denne helga. 

Eit godt gjennomført arrangement er tilbakemeldingane frå 147 deltakarar som konkurrera med kajakkar på Morgedalsjønni, og sykla og sprang rundt i Morgedals skogar under årets multisport. Talet på deltakarar var ny rekord for Multisport Morgedal.

Opningstider Norsk Skieventyr og Innsvingen Kafé

Korleis kjem du hit?



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.