Link tab title



Morgedal


Den moderne skisportens vogge

Løypekøyring i Morgedal. Skisporet.no.

Morgedal i 1860-åri (NRK 1970)


Jazz-elskarar stimar mot New Orleans, Elvis-fans samlar seg i Memphis, ski-entusiastar kjem i flokk til den vesle fjellbygda Morgedal. Kva har dei til felles? Dei jaktar på det originale…

Kven var Sondre Norheim – denne karismatiske personen som endra utforminga av skiene og gav oss verdas første ski med innsving og hælbinding? Kvar budde han, og kva var det med terrenget han voks opp i som inspirerte han til å utvikle ski og skiteknikkar berre for å kunne nyte gleda av full fart utfor bakkane?

Aktuelt

I god tradisjon blir det også "Morgedalsleikar" den fyrste helga i mars. Datoen er 1. mars, og arrangementet blir i Vrådal Panorama. 

Sundag 8. februar er det morsdag, og Innsvingen Kafe' har klar varmmatbuffe' både til mor og resten av familien.

To nederlandske journalistar som representerar National Geographic var i Morgedal. Dei laga ski på same måten som Sondre Norheim gjorde, og etterpå skal dei på ein 10 dagars ekspedisjon med skia. 

Morgedal har fleire ski- og turløyper i sitt nærområdet. Les kva Riksantikvaren skriv om Sondre Norheim, og ein tur til Øverbø og Morgedal.

Velkommen til skikarusell. Møt opp i ljosløypa i Morgedal. Vi ser fram til mange trivelige kvelder i løypa.  Vi stiller med startnummer og varm saft. Husk å parkere trygt ved bui i Morgedal! 

Årsmøte i Morgedal Idrottslag vert på Morgedal Grendehus torsdag den 26. februar kl. 19.00.

Ute i verda er programmet kjent som "New Scandinavian Cooking", og i Noreg blir det sendt av TV2 i programmet «En bit av Norge». 

Norsk Skieventyr i Morgedal skal lage ei utstilling om deltakarar frå Telemark som har delteke med ski på VM og OL. Me treng din hjelp til dette!

Journalisten Inge Lundereng har fulgt i spora til Sondre Norheim. Dei enda som kjend i Nord Dakota, og Lundereng har besøkt staden Sondre budde på.

Fredag 5. desember er det klart for årets siste pizza- og tacobord for heile familien. Er du ikkje ferdig med jolegåvene kan me hjelpe deg med det og. 

Opningstider Norsk Skieventyr og Innsvingen Kafé

Korleis kjem du hit?



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.