Link tab title



Morgedal


Den moderne skisportens vogge

Løypekøyring i Morgedal. Skisporet.no.

Morgedal i 1860-åri (NRK 1970)


Jazz-elskarar stimar mot New Orleans, Elvis-fans samlar seg i Memphis, ski-entusiastar kjem i flokk til den vesle fjellbygda Morgedal. Kva har dei til felles? Dei jaktar på det originale…

Kven var Sondre Norheim – denne karismatiske personen som endra utforminga av skiene og gav oss verdas første ski med innsving og hælbinding? Kvar budde han, og kva var det med terrenget han voks opp i som inspirerte han til å utvikle ski og skiteknikkar berre for å kunne nyte gleda av full fart utfor bakkane?

Aktuelt

Det var 133 registrera deltakar som tok turen til Ordalsåta sundag 21. juni. Ikkje alle trimmerane hadde registrera seg så truleg var det nærare 160 personar som nytte det fine været 1137 moh og etter 518 høgdemeter 

Torsdag 2. juli blir det "offisiell" opning av hoppbakken på Norsk Skieventyr, skimuseet i Morgedal. Magnus Krog møter unge, lovande juniorar til duell i hoppbakken og i ei fartsfylt og publikumsvenleg rulleskiløype. 

Løypa er ferdig merka og værmeldinga fortel om fint vær. Ingen grunn til å vente, det er bare å melde seg på. Flotte trekkepremiar blant dei som registrerar seg. 

Sondre Skiløpar er ein kabaret om Sondre Norheim sitt liv. Jon Solberg er Sondre og Ingeborg Fangell Mo er Rannei. 

10.juni 2015 er det 190 år sidan Sondre Norheim vart født, og Norsk Skieventyr vil markere denne dagen med ei vandring. 

Det blir feiring i år også. Toget startar ved Norsk Skieventyr og endar som vanleg ved Morgedal Grendehus.

Norsk Skieventyr har ope alle dagane i påska. Museum, butikk og Innsvingen Kafè har ope kl. 11.00-17.00 (palmesundag og 1. påskedag til kl. 18.00)

Meir enn 600 barn og vaksne deltok på årets "Ski i skulen" prosjekt i Morgedal. Prosjektet er eit samarbeid med mellom Morgedal IL og Norsk Skieventyr, og skjer i dei historiske løypene på Øverbø og Kleiv

Gjestebøkane på Øverbø er nå samla inn, og skal skannast og bli tilgjengeleg via Telemarkkilder. Snart 200 000 namn har skrive seg inn i bøkane

Forfattaren Kjell Ivar Petterson som har skrive boka "OL og VM historia 1924-2014" kjem til Norsk Skieventyr onsdag 4. mars. I tillegg til foredraget vil Norsk Skieventyr opne si nye utstilling om OL og VM deltakarar frå Telemark. 

Opningstider Norsk Skieventyr og Innsvingen Kafé

Korleis kjem du hit?



This site uses cookies. Read more about cookies here. Ikke vis denne meldingen igjen.